Kommunestyremøte i Surnadal 5. februar
Tysdag var det kommunestyremøte i Surnadal. Busetting av flyktningar, Todalsfjordprosjektet og tiltak for styrking av økonomien i Surnadal Alpinsenter AS/Surnadal Alpineiendom AS var blant sakene på saklista.
Saksdokumenta til møtet finn du på Surnadal kommune sine heimesider.
Kommunestyret var fulltallig. Møtet starta med orienteringar frå ordførar Lilly Gunn Nyheim, samt ein presentasjon av Surnadal sjukeheim, ved einingsleiar Marit Moe Kvendbø.
Følgjande saker var oppe på kommunestyremøtet tysdag:
PS 1/19 Godkjenning av protokoll frå møte i kommunestyret 13.12.18
Protokollen vart godkjent utan merknader.
PS 2/19 Referatsaker
RS 1/19 Skjenkeløyve - Sagatun Grendahus 25.01.19
RS 2/19 Rådmannens fredagsbrev 18.01.19
RS 3/19 Årsrapport 2018 - Skatteoppkreveren i Surnadal
RS 4/19 Orientering om status vedr. ny samarbeidsavtale mellom hotellet og kommunen
RS 5/19 Myrvang Forsamlingshus - søknad om ambulerende skjenkeløyve den 12.01.2019
RS 6/19 Helseplattformen - Informasjonsbrev 2/2018 pr. desember 2018
RS 7/19 Til medlemskommunene i Nordmøre Interkommunale Innkjøpssamarbeid - Status Innkjøpstenesten - Uke i 2019
Referatsakene vart godkjente, med orientering frå rådmannen om sak RS 3/19.
PS 3/19 Todalsfjordprosjektet – innspel til kommunedelplan – krav til seglingshøgde under brua
Rådmannen si tilråding: Surnadal kommune meiner at 25 meter er tilstrekkeleg som seglingshøgde for ei hengebru på strekninga Rakaneset – Svinvika.
Ragnar Halle (Sp) fremja utsettingsforslag, med dette fall, mot tre stemmer.
Rådmannen si tilråding vart vedeken, mot stemmene til Ragnar Halle og Gunhild Bøklep Bøe.
PS 4/19 Trafikksikringsplan for Surnadal kommune
Plansjef Råg Ranes orienterte om planprosessen.
Hovudutval for teknikk, miljø og næring si tilråding: Trafikksikringsplanen for Surnadal kommune blir vedteken.
Margrethe Svinvik (Sp) kom med forslag om følgjande tilleggspunkt:
Forslaget vart vedteke mot 13 stemmer.
Annett Ranes (Ap) kom med følgjande forslag:
Trafikksikringsplana for Surnadal kommune vart vedtekn med endringane over.
PS 5/19 Plansamarbeid på Nordmøre
Rådmannen si tilråding: Surnadal kommune vil delta i regionrådets prosjekt om regionalt plansamarbeid.
Behandling i Formannskapet - 29.01.2019 Votering: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteken.
Formannskapet si tilråding: Surnadal kommune vil delta i regionrådets prosjekt om regionalt plansamarbeid.
Tilrådinga
PS 6/19 Bosetting av flyktningar 2019
Rådmannen si tilråding:
1. Surnadal kommunestyre imøtekjem IMDi si oppmoding av 12.12.18 om å busette 15 flyktningar i 2019.
2. Budsjettramma for 2019 til eininga Vaksenopplæring og integrering bør ved 1.tertial vurderast endra for å møte den auka busettinga i 2019.
Behandling i Formannskapet - 29.01.2019
Votering: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteken.
Formannskapet si tilråding:
3. Surnadal kommunestyre imøtekjem IMDi si oppmoding av 12.12.18 om å busette 15 flyktningar i 2019.
4. Budsjettramma for 2019 til eininga Vaksenopplæring og integrering bør ved 1.tertial vurderast endra for å møte den auka busettinga i 2019.
PS 7/19 Tiltak for styrking av økonomien i Surnadal Alpinsenter AS / Surnadal Alpineiendom AS
Formannskapet si tilråding:
7. Med utgangspunkt i kommunestyrets vedtak i sak 4/15 pkt 3, godkjenner Surnadal kommune som eigar at spelemidlane for kunstsnøanlegg, park, traséar og garasjeanlegg mv. (både utbetalt del og restsummen, tilsaman kr 4.967.000) fortsatt skal stå på konto tilhøyrande Surnadal Alpineiendom AS og skal ikkje betalast tilbake til eigar. Beløpet skal øremerkast til bruk som egenkapital i framtidige investeringar for utvikling av anlegget i Surnadal Alpinsenter.
8. Surnadal kommunestyre er positiv til at Surnadal Alpineiendom AS arbeider vidare med planlegging/prosjektering av ny varmestue i alpinsenteret. I dette ligg også tilpasning av bygget for få mest muleg spelemidlar til prosjektet.
9. Surnadal Alpineiendom AS har (jfr. pkt 1) ein solid eigenkapital og forutsigbar drift, og skal sjølv sørge for nødvendig finansiering gjennom eigenkapital, spelemidlar og låneopptak.
10. Surnadal kommunestyre vil be rådmannen om at det (om ønskeleg) blir stilt nødvendige kommunale personalressurser til rådighet for å bistå styret i Surnadal Alpineiendom AS i arbeidet med planlegging, prosjektering, søknader på spelemidlar mv. Surnadal kommune Tiltak for styrking av økonomien i Surnadal Alpinsenter AS / Surnadal Alpineiendom AS
11. Surnadal kommune aukar den årlege støtta fra Næringsfondet til Surnadal Alpinsenter AS med kr. 400.000 (fra kr 600.000,- - kr. 1.000.000,-) for 2019. For 2020 og 2021 blir den årlege støtta auka til kr. 1.250.000,-. I denne perioden bør selskapet få svar på om rammen på tilskotet er nok til forsvarleg drift, og om det økonomiske resultatet bidrar til muligheiter for naturleg utvikling og bygging av egenkapital.
12. Styret i Surnadal Alpinselskap AS skal, ved utløpet av kvar månad, legge fram økonomirapport til ordførar og rådmann. (Pkt. 6 i tilrådinga blir da pkt. 7) 13. Kommunestyret skal bli løpande orientert om drifta / økonomiske forhold i begge selskapa minst to gonger årleg.
PS 8/19 Faktureringsfrekvens i Surnadal kommune
Rådmannen si tilråding: Kommunestyret tar faktureringsfrekvensen til orientering.
Behandling i Formannskapet - 29.01.2019 Votering: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteken.
Formannskapet si tilråding: Kommunestyret tar faktureringsfrekvensen til orientering.
PS 9/19 Politisk- og administrativ struktur - nytt medlem i arbeidsgruppa
Vurdering: Rådmannen meiner det vil vere tenleg å utvide arbeidsgruppa med kommunalsjefen som har ansvar for oppvekstsektoren.
Rådmannen si tilråding: Kommunalsjef oppvekst blir vald som medlem av arbeidsgruppa (strukturkomiteen).
PS 10/19 Informasjon om Helseplattformen og spørsmål om deltaking i felles prosjekt på Nordmøre
Saka vart først behandla i Hovudutval for helse og omsorg - 31.01.2019
Hovudutval for helse og omsorg si tilråding:
4. Surnadal kommune ønsker å delta i eit felles Orkide-prosjekt for Helseplattformen.
5. Kommunestyret aksepterer rollen som prosjekteier for Helseplattformen-prosjektet i Orkide slik det er skissert i saka.
6. Kommunestyret er kjent med at deltaking i prosjektet krev intern prioritering av ressursar, og gir rådmann fullmakt til å prioritere prosjektet.
Tilrådinga til Hovudtval for helse og omsorg vart samrøystes vedteken.
PS 11/19 Interpellasjon frå MDG, Ap og FrP - Sykkeltrasè Grimsmo - Øye bru
Vurdering: Ordføraren svarar på interpellasjonen i møtet.