Leserinnlegg 

Leserinnlegg fra Eivind Hasle

Kommunikasjonar og politikk

Fra Eivind Hasle og Surnadal SV kommer et leserinnlegg om politikk og byråkrati i tunnel-bru-debatten på Indre Nordmøre. Hele leserinnlegget finner du på Trollheimsportens side for leserinnlegg.

KOMMUNIKASJONAR OG POLITIKK

Frå ”Trollheimsbrua.no” har Ola E.Hals ei svært god oppsummering av relevante fakta til debatten om ferjefritt samband på Indre Nordmøre (jf Driva 19/12, TK 21/12 2011). Den bør mange lese!

For SV i Surnadal har eg ikkje behov for å utdjupe dette innlegget. Det kan likevel vere ønskeleg å peike på at debatten om dette vegsambandet illustrerer noko om tilhøvet mellom politikk og fag/byråkrati. For SV vil det i all samfunnsplanlegging vere viktig å legge svært stor vekt på miljøkonsekvensane. Eit samband som gir vesentlege miljøgevinstar i form av kortare reiseveg og mindre CO2-utslipp, vil vi sjølvsagt prioritere - også om investerings-kostnadene eventuelt blir noko større. Men dei langsiktige gevinstane er viktig å ha i mente jamført med dei akutte investeringskostnadene. I den aktuelle debatten synest beløpet på 400 millionar i kostnadsskilnader mest ha kome fram ut frå prinsippet ”tenk på eit tal”.

Som ”gammal” byråkrat synest eg også enkelte debattantar har eit merkeleg syn på forholdet mellom byråkrati og politikk. Det er greitt nok at vegstyresmaktene er profesjonelle på vegbygging, men det er politikarane som må avgjere kor stor vekt t.d. miljøomsyn skal ha i den samla planlegginga, og kva for trasear som gir størst fordel lokalt og regionalt. Som det heitte i ei overskrift i Adresseavisen nyleg: Vegetaten er god på vegbygging – men ikkje så god på samfunnsperspektiv. Det er folkemeininga og politikarane som må gi styringssignal til fagetaten – ikkje omvendt! Dei faglege og tekniske løysingane finst !

Så er det sjølvsagt lov å meine at utgreiingsarbeidet vart gjort – for 15-20 år sidan, og at det ikkje er mogleg å endre på noko i det. Det synest eg likevel er ei merkeleg holdning: på dei fleste område i samfunnet har det skjedd svært store endringar på 15-20 år . Og ikkje minst illustrerer media p.t. at det skjer mykje når det gjeld veg- og brubygging (jf t.d Sunnmørs-posten 19/12-2011). Det bør vere viktig for oss alle – også på Nordmøre - at vi får til ei kommunikasjonsløysing som både teknisk, økonomisk og miljømessig er mest mogleg framtidsretta.

 

Eivind Hasle
Surnadal SV