Konfirmantar Stangvik, alle

Stangvik kyrkje

Konfirmantane inntek kyrkja si

Vinterens Stangvik-konfirmantar med foreldre hadde ein liten Bli-kjent-kveld i kyrkja si torsdag. Soknerådet med leiar Berit Anne Røkkum i spissen tente lys for kvar konfirmant og diska opp med frukt og kaffe. På grunn av prestemangelen i Stangvik denne hausten er konfirmantopplegget litt annleis enn vanleg.

 
 Hovuddelen av undervisninga får stangvik-ungdommane i Surnadal saman med resten av dei nesten 70 kyrkjekonfirmantane i kommunen. Dette er det soknepresten der, Vidar Rygh, som tek seg av. Han orienterte om dette på kvelden i Stangvik.
 
Organist Bernt Gudrunson Bøe oppfordra 14-åringane til aktiv deltaking i kyrkja, delte ut skjema og bad dei gi terningkast for ulike tenesteoppgåver dei kan bli med på. Dette kan variere frå klokkeringing og tekstlesing til kakebaking og lydteknikk. Allereie denne kvelden tok nokre av dei tak i fotoapparatet og var "journalistar".
 
Nokre timar av undervisninga vil bli lagt til "heimekyrkja", der ein blir kjent med historie, interiør og symbolikk ved kyrkjehuset og der ein vil øve på praktisk deltaking av ymse slag. Kyrkja har bruk for alle - med kvar og ein sine interesser og eigenskapar.
 
Bli-kjent-kvelden vart avrunda med ei lita vandring i den praktfulle kyrkja frå 1897. Her prøvde dei lysgloben og orgelet og fann ut mykje om eit gudshus som dei samtidig er eigarar av!

 
 

Saman med Vidar Rygh og Berit Anne Røkkum ser vi frå venstre konfirmantane Sigbjørn Hausberg, Ingrid Kvendset Fiske, Solveig Sande Holden, Mira Elise Strømme Røv, Kristine Nes, Henrik Melkild, Ola Heggem Grytskog og Audun Kristoffer Helset Halle. To andre mangla denne kvelden.


 
Lysgloben symboliserer Kristus som lyset for verda - der kvar av har "sitt" vesle lys. Frå venstre Henrik, Ola, Sigbjørn, Audun, Mira, Kristine og Solveig. (Foto: Konfirmant Ingrid)


 
Ingrid spelar ein vakker Flåklypa-melodi på eit av Nordmøres flottaste kyrkjeorgel, og Mira lyttar henført ...