
Oppdatert med fleire namn og plasseringer
Konfirmantbilete 1923
Vedlagte bilete viser nokre alvorlege konfirmantar, skriv Leif Ragnar Fiske i ein e-post til Trollheimsporten. I første rekkje som nr. ein frå høgre sit mor mi, Gurine Fiske. I digitalarkivet viser klokkarbok for Ranes at konfirmasjonsdagen var 15. juli 1923. I alt er opplista 33 gutar og 15 jenter som vart konfirmerte den dagen. Vi må ha hjelp til å plassera rett namn. Oppdatert med fleire namn frå Ragnhild Stavne Bolme:
Ei oppteljing på biletet viser at talet stemmer. Klarar nokon å plassera rett namn på dei andre? Og kven er presten? Han ser ikkje ut til å vera mellom dei prestane det er bilete av i Hyldbakk.
Med vennleg helsing Leif Ragnar Fiske.
For å ha bakgrunn for oppdateringene - sjå namna nederst. Har du kommentarer eller opplysninger - bruk: redaktor@trollheimsporten.no.
Oppdatert 14.1: Eg har skreve av namnet på alle konfirmantane som vart konfirmert 23. juli 1923. Dette er såpass lenge sidan at det er vanskeleg å kjenne att ungdomane berre på bildet. Har vi namna, kan det vera til hjelp. Da kan vi mellom anna sjå etter slektstrekk. Har forslag på namn på tre gutar. Bakerste rekka, nr. 4 frå høgre: Toralf Sveen. Nr. 7: Einar Sæter, Sagalund. Midtre rekke, nr. 3 frå høgre: Aage Grimsmo. Presten er Johan Johnsen. Han var prest både i Rindal og Surnadal dette leitet. Dette skriv Ragnhild Stavne Bolme i en e-post til Trollheimsporten.
15.1: Namn på ein konfirmant i tredje rekke, nr. 2 frå venstre: Sigmund Salomon Mikkelsen. Aage Grimsmo er på same rekka, men nr. 3 frå høgre.
Oppdatert 16.1 - fra Lars Gudmund Røen: Hei! Har plassert de fleste "geografisk", - er usikker på en gutt og 4-5 av jentene. Det er verre å knytte namna til bildet. Er enig i plasseringa av Åge Grimsmo. På samme rad nr 6 frå høyre er det forslag på John E. Fiske. Nr 3 fra venstre på samme rad foreslås Ole M. Svendsen. På bakerste rad fra høyre mener vi det er to østbødalinger; nr en fra høyre Lars O Kvande, Utigard Melling og nr 2 Arne Østbø, Konntrøa. For 1. jenta til venstre på 2. rad er forslaget Ingeborg E. Skei. Har flere i kikkerten, men må undersøke litt til før jeg kommer med flere forslag.
Oppdatert 16.1 - fra Ragnhild Stavne Bolme: Hei! Her kjem det to namn til etter samtale med ein surndaling i kveld. I andre rekke, nr. 5 frå høgre, sitt Anna Mogstad, Nistua, og i fjerde rekka, nr. 6 frå høgre, står tvillingbroren, Peder. Han var ein flink skimaker og dyktig på ski, både i langrenn og hopp. Han hoppa også i Holmenkollen.
Oppdatert 17. 1 - frå Oddvar Kvande: Må komme med et lite bidrag,kanskje det kan hjelpe andre til enten å godta det eg trur eller like gjerne arrestere evt. feilspor. Her må det teamarbeid til skal vi finn ut av det. Er såpass usikker at det er godt det kan settast ? attfor somme av namna. 1. rad f.v. nr 1: Arne P. Vullum ?, nr 4: Olav M. Honnstad ?. 2.rad f.v. nr 3: Elise I. Drøpping, nr 4: Mali J. Kvendbø, Furuhaugen. 3.rad f.v.nr 5: John Albert O. Kvendbø, Kvendbøtrøa.
Oppdatert 17.1- frå Per Naustbakk: 1. rekke nr 3 fra venstre: Einar Garte, nr 4 fra venstre: Olaf Honnstad, 3. rekke nr 2 fra høyre: Olai Naustbakk (Berre eit forslag).
Oppdatert 17.1 - frå Ragnhild Stavne Bolme: Eit namn til: Nr 3 frå høgre i første rekke er Maret S. Forberg.
Oppdatert 20.1 - frå Ragnhild Stavne Bolme: Først må eg rette opp eit namn. Det skal stå Marit S. Forberg. Bjørg Møkkelgård har desse forslaga til namn på konfirmantar: Første rekke frå høgre, nr. 2. Gjertrud O. Krangnes og nr. 4, Lars O. Krangnes. Andre rekke frå venstre, nr. 5, Pauline L. Sylte. Tredje rekke, frå venstre, nr. 4, Lars A. Hegset, nr. 5, John Albert O. Kvendbø, nr. 11, Arnulf Vilhelm J. Sæther. Fjerde rekke, frå venstre, nr. 7, John O. Holten.
Konfirmantar i Surnadal, 15. juli 1923.
Da er det berre å bruke redaktor@trollheimsporten.no om du har namn eller kommentarar til dette bildetet: