
Konfirmasjonspreiker i Rindal
Preike på konfirmasjonsgudstenestar Rindal krk 28. og 29. mai -11.
Eg vart invitert til skulen sist vår. Der skulle eg ha ein time og fortelja om konfirmasjonsundervisninga. Det skulle ikkje forundre meg om de ikkje fortsatt hugsar kva eg sa der: Kirkeleg konfirmasjonsundervisning er ikkje nøytral!
For skal me ha med Gud å gjera, er det ikkje noko som er nøytralt. Gud er stiller eg aldri nøytralt til oss menneske. Dertil er han for glad i oss. Dertil bryr han seg for mykje om oss.
Slik er det no, og slik har det alltid vore. Det stykket frå Bibelen eg skal preke over, er formidla av Jeremia. Han var profet den tida Israelsfolket var deportert til Babylon, for om lag 2600 år sidan. Tilstanden var ikkje noko særleg bra, ei heller framtidsutsiktene.
Inntil Gud fortel kva planar han har. Slik står det skrive hjå profeten Jereima i det 29. kapitlet.
For jeg vet hvilke tanker jeg har med dere, sier Herren, fredstanker og ikke ulykkestanker. Jeg vil gi dere fremtid og håp.
Når dere kaller på meg og kommer til meg med deres bønner, vil jeg høre på dere. Når dere søker meg, skal dere finne meg. Ja, søker dere meg av et helt hjerte, lar jeg dere finne meg, sier Herren.
Så vil jeg vende lagnaden for dere og samle dere fra alle de folk og steder som jeg har drevet dere bort til, lyder ordet fra Herren. Og jeg vil la dere komme tilbake til det stedet jeg førte dere bort ifra.
Våre tankar om Gud kan vera så ymse. Dette med fiendebilete er vel igrunn like gamalt som syndefallet. Det er noko tross, noko hormon, noko vilje til å skulle klare seg sjølv, noko hovmot og noko overmot.
Men faktisk er det slik i den store samanheng at det viktigaste ikkje er kva me meiner om Gud, men kva han meiner om oss. Kva relasjonen mellom Gud og menneske angår, er det ein som står på tilbudssida, og ein som står på mottakarsida. Han gjev og me får.
Kva skal me gje tilbake til han som gav oss alt me treng til både liv og saligheit? Kva skal me gje Gud tilbake?
Det er dette som blir så vanskeleg med kristen tru: Me kan ikkje gje noko tilbake til han som gjev oss alt me treng! Gud gjev oss alt me treng for å leva – og for å døy.
Nøytralitet er ein konstruksjon av eit ord som seier oss noko om det umuliges kunst. I møte med budskapet om den Gud som gjev, er det ikkje råd å stille seg nøytral. Knivseggen mellom ja og nei er så smal at det blir ikkje plass. Det blir eit anten – eller, det blir vårt anten – eller.
Gud stiller seg aldri nøytralt til oss. Aldri! Han er på tilbudssida og byr på seg sjølv, bokstaveleg talt. Han byr oss liv. Han byr oss Jesus som går i døden for syndene våre. Han byr oss livet på nytt i Jesu oppstandelse. Han byr oss god-tankane sine. Fredstankar blir det kalla.
Me stiller oss aldri nøytrale til Gud. Me har ein Gud som tenkjer godtankar om oss. Me har ein Gud som vil oss vèl. Det er ikkje alltid me forstår, det er tider me kan vera både frustrert og oppgitt over at livet ikkje blir som me ville at det skulle vera. Og det er lov. Men me veit og kan tru det: Gud er med oss uansett. Gud er med oss i gode dagar og han er med oss i vonde dagar. Inklusive når me er som mest åleine.
Konfirmantane av 2011 er ein flott ungdomsflokk. Me håpar de har livet føre dykk. Me håpar at framtida blir god. Og me håpar og ber om at de må bli bevart i den trua de vart døypt til å vera i: I lag med Kristus no og alltid.
Eg veit kva tankar eg har om dykk, seier Herren. Det er tankar til fred og ikkje ulukke. Eg vil gje dykk framtid og håp.
Så er det for både konfirmantar og oss alle at me tek imot den framtida som blir bydd oss. Det skadar vel heller ikkje om me sender ein takk til han som skapte oss og gav oss både livet, framtida og håpet.
Signa konfirmasjonsdag – og signa framtid!

.png)

