Heile KS_1024x407

Både hengebru i Øvre Surnadal og leilighetsbygg på Skei vedtatt!

Økonomi og bevilgninger i Surnadal

Det var mykje økonomi Surnadal kommunestyre i dag. Både tertialrapport og budsjettregulering var oppe. Vidare vart det bevilga 100 000 til sluttføring av Bæverfjord oppvekstsenter. Du finn alt om tertialraporten og budsjetta her på saklista - klikk på pdf-ene. Videre var konsesjonskraft, meir frå fond til enkelte einingar, endeleg låneopptak og hengebrua ved øvre Seter, oppe til behandling - samt to ekstrasaker - to spennande utbyggingar:

Over heile kommunestyret i Surnadal i dag samla når rådmann Geir Vikan orienterte om den økonomiske sitasjonen og budsjettet.

Vedtak på bruk av mykje pengar
- Når det gjeld budsjettrammene foreslår vi ingen nedskjæringar i år, mot tre prosent i fjor og ein prosent for to år sidan, sa rådmann Geir Vikan (til høgre).

Ordførar Mons Otnes (Ap) (til venstre) foreslo å ta inn i drifta dei tillegga som i fjor vart vedtatt for Øye skule og sjukeheimen og vidareføre desse. Det vart enstemmig vedtatt tatt inn i den økonomiske ramma.

Når det gjeld forvaltning av konsesjonskrafta foreslo rådmannen å tilføre kr 300 000 til dekking av utgifter i samband med ny forvaltningsavtale for sal av konsesjonskraft. Heile saka her. Det vart einstemmig vedtatt i kommunestyret i dag.

Nokre einingar får disponere meir frå fond - andre får mindre - sjå alt om dette her. Dette vedtok også kommunestyret einstemmig.

Det endelege låneopptaket i Surnadal i 2011 vart banka - det vart slik einstemmig: Surnadal kommune tek opp eit lån på kr 40 672 000,- til finansiering av vedtekne investeringar i 2011. Lånet blir teikna som serielån over 30 år, med årlege avdrag på kr 1 355 734,-.Heile saka her.

Øvre Surnadal får hengebru
Rådmann Geir Vikan
 foreslo også å rehabilitere hengebrua over Surna ved øvre Seter - ei sak som har ei lang historie og har vore oppe mange gonger: 1. Det blir teikna kontrakt med Vikingbygg A/S om rehabilitering av hengebru på øvre Sæter. 2. For å finansiere rehabiliteringa tas det opp et lån på kr. 1 mill. 3. Når rehabiliteringsarbeidet er gjennomført blir brua nedklassifisert til privat veg, i medhald av veglova § 7, 3. ledd. Heile saka her. Dette vedtok kommunestyret einstemmig og både ordførar Mons Otnes og Lilly Gunn Nyheim (begge Ap) ba om at kommunestyret vart med på dette. Else B Andresen (Sp) var skuffa sist da det ikkje vart støtte til brua. - No er eg kjempeglad for at vi får til dette. Men det kostar vel mykje pengar, sa ho.

- Ei dyr bru i forhold til bruken, sa Pamer Vikan (KrF). - Men det er ein positiv ting for øvre Seter, la han til. - Men kven skal overta brua når den er ferdig. Det bør vi ha svar på så vi kkje sit med ei bru ingen vil ha, spurte han. - Vi har vedlikeholdsansvaret for brua. Det er den vi no utøver, svarte rådmann Geir Vikan.

- Ikkje kompliser saka for mykje no - vi held stø kurs og får ei trygg bru, som eit bindeledd i Øvre Surnadal sa ordførar Mons Otnes og fekk einstemmig tilslutning til å bruke ein million kroner på dette.

Utvikling- og bulystsak
Vidare vedtok kommunestyret einstemmig å gje eit sjølvskuldnarkausjon for eit lån på 13 millionar kroner som Surnadal Alpineiendom AS skal ta opp i Kommunalbanken.

- Dette har vi vedteke før med å etablere selskapet Surnadal Alpineiendom AS - eit heileigd kommunalt selskap, orienterte ordførar Mons Otnes (Ap) om. - Dette vil gje ei stor utvikling og bulystsak, sa han. - Alt for dyrt, meinte Erik Mogstad (Sp). - Dette er eg i mot, sa han og kunne ikkje sjå at fleire kom til Surnadal for å kjøre den same trøtte traseen som ligg der i dag, sa han og fekk med seg ein Sp-representant til i mot.

To ekstrasaker
To ekstrasaker kom opp til slutt i dagens møte - merknadsplan - reuleringsplan Årnes - Tussvika. - Her er det trøkk, sa kommunalsjef Inge Skogheim og la fram ei barbert plan i forhold til det som først vart framlagt. - Det har kome kraftige innsigelsar frå Fylkesmannen og desse må vi følgje, sa han. Kommunestyret gjekk einstemmig inn for denne planen. - HTM har vore på befaring. Dette blir kjempespennande, sjøl om planen er barbert. Dette er så optimalt som vi kan få til, sa gruppeleiar  Lilly Gunn Nyheim (Ap).

Den andre saka var endring av reguleringsplan for Skei  - Grimsmo - Svorkabygget, merknadsbehandling. - Dette går ut på å gjera om det gamle Svorkabygget til leiligheter og ein kombinasjon på leilgheter i kombinasjon med kontor og utleige, orienterte kommunalsjef Inge Skogheim. - Problemet her er støy i forhold til fylkesveg 65. Åtte leiligheter på to plan og ei sokkelleilighet i hovedbygget er planlagt. Garasjen er planlagt regulert til blanda formål, sa han.

- Dette er ei spennandes sak, spenstige planer og svært god ressursutbygging midt på Skei - ei god sak i sentrumsutviklinga av Surnadal kommune, sa ordførar Mons Otnes (Ap) og var glad for at kommunestyret ville vere med å behandle den. Kommunestyret gjekk einstemmig inn for denne reguleringsplanen.

Og du finn heile saklista her.