Koronatid gav kyrkjekunst

Mange fekk tid til overs under den lange koronatida da ein stort sett måtte halde seg heime. På Inderøy i Trøndelag bur det ein utflytta rindaling som bruka tida til maling.

2020-06-17 12.50.00_690x518.jpg

Medan mange har kjeda seg medan dei var innestengde i koronatida, har Ivar Kimo bruka tida på å måle alle kyrkjene i Innherred og Indre Fosen prosti. Det vart 50 kyrkjer!
Gjennom dette prosjektet oppdaga han fleire kyrkjer som han ikkje visste eksisterte.

I den mest intense malingsperioden fram mot pinse, hadde han som fast rutine å male etter at frokost og avislesing var ferdig, og fram til lønsj.

- Den tida var kjøkenbordet atelier, fortel Randi.

Ivar Kimo 2 2020-06-17 12.28.28_690x1038.jpg

Ivar Kimo (over) har utvikla sin eigen teknikk for desse kyrkjeteikningane. Han brukar vanleg teiknepapir som han legg eit tynt lag med takmaling på. Så lagar han skisseteikningar av kyrkjene,  skalert ned med riktige proposjonar på tårn, vindu, dører m.m. Skissa kopierer han så over på det arket hann har måla. Så målar han bildet med fortynna oljemaling, mesta som akvarell.

2020-06-17 12.59.49_690x518.jpg

Kirkene ved Stiklestad 2020-06-17 13.18.19_690x518.jpg

2020-06-17 13.07.52_690x460.jpg

Steinkjer kirke 2020-06-17 13.09.59_690x506.jpg

2020-06-17 12.56.36_690x518.jpg

Rindalskirkene er også med i produksjonen.

Rindalskirkene_690x920.jpg

Øvre Rindal kapell 2020-06-17 12.53.58_690x460.jpg
Øvre Rindal kapell var nærkirka til familien Kimo, og da den skulle målast, måtte den målast frå den sida inngangsporten var da barna voks opp.

Ivar Kimo var lærar og rektor ved Lomundsjø skule i 20 år av yrkeskarrieren sin. Etter omlag like lang tid ved Døveskolen i Trondheim, busette han og kona, Randi, seg på Straumen på Inderøy i 2011. Dei har framleis huset sitt ved Lomundsjø, men no som fritidshus som både dei og barna besøker ofte.

No er Ivar aktiv medlem i kunstforening og har stor produksjon av maleri bak seg. Første maleriet laga han medan han gjekk på lærarskulen i Levanger i 1961. Da måla han utsikta frå hybelen sin. Ivar trur han har måla rundt 600 maleri. Nokre er også med motiv frå Rindal. Både Lomundsjøen og Gimshøgda var populære motiv, og sjølvsagt både Øvre Rindal kapell og Rindal kirke!

2020-06-20 23.11.11.jpg

Det finns nok fleire maleri av han her i bygda enn dette oljemaleriet frå Tisetmyrene med Skåkleiva i bakgrunnen..