Koronavirus: Surnadal kommune har heva beredskapsnivået og sett krisestab
Nye reglar og retningslinjer gjeld frå og med torsdag, melder kommunen, som og slår fast at ingen i kommunen har fått påvist koronavirus per 12. mars.
Informasjon frå Surnadal kommune sine heimesider:
I samråd med nasjonale helsemyndigheiter, fylkesmann/fylkeslege har Surnadal kommune heva beredskapsnivået og sett krisestab. Dette betyr at situasjonen kring smittespreiing av koronaviruset blir overvåka frå dag til dag og at tiltak for å hindre smittespreiing raskt kan bli meir inngripande.
Surnadal kommune følgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner og rår tilsette og innbyggjarane om å følgje med på kommunen sine nettsider og følgje desse råda. Surnadal kommune har i tillegg gjort særskilte tiltak for å sikre kontinuitet i høve til beredsskap og overfor tilsette.
Reglar for tilsette i Surnadal kommune for å begrense smitterisikoen for koronavirus
- Møteverksemnd i regi av kommunen med meir enn 15 deltakarar blir avlyst.
- Alle møte som kan bli gjennomført på Skype/ video skal bli gjennomført slik.
- Skular og barnehagar skal driftast som normalt.
- Tilsette skal ikkje reise på kurs og seminar.
- Tilsette blir oppfordra til å vurdere si deltaking på kultur- og idrettsarrangement.
- Tilsette bør ikkje reise til utlandet.
Reglane gjeld frå torsdag 12. mars og har ikkje tilbakeverkande kraft. Reglane gjeld for alle tilsette, alle tilsette i kommunale føretak og i samarbeid med Surnadal som vertskommune.
Reglane gjeld ikkje for elevane i grunnskulen.
Årsaka til at Surnadal kommune går ut over Folkehelseinstituttet sine anbefalingar (FHI), er for å begrense smitte til kritisk personell.
Per 12. mars er det ingen i Surnadal med påvist koronasmitte.