Leserinnlegg _200x200

Kort eller kontant?

- Kvifor må ein ha med seg kontantar når ein skal reise med buss? spør Sondre Ormset i dette lesarinnlegget.- Kvifor har ikkje alle bussar betalingsautomatar, vi lever da trass alt i 2013? Om myndigheitene vil at buss og anna kollektivtransport skal bli meir bruka bør det leggast opp til at ein kan få betalt på enklast mogleg måte. Les innlegget.

 

Kort  eller kontant?


Vi er no komne til år 2013 og som betalingsmåte har kort i stor grad teke over for kontantar. Dei einaste gongane eg tar meg bryet med å ha kontantar i pengeboka er når eg skal på bygdafest i eit anna grendehus langt unna alt som liknar på sivilisasjon og når eg skal på eit lokalt idrettsarrangement med kiosksalg frå ei tralle eller ei korg. Likevel er det endå ein stad eg bør ha med meg kontantar, men det er ein stad der eg ikkje tenkjer på det. Nemleg når eg skal ut og reise med buss! Anten så har dei enkelt og greitt ikkje kortautomat eller så får du beskjed om at den dei har ikkje verkar.

No er det ikkje riktig kvar dag eg reiser med buss, men dei fleste gongane har eg vorte ståande i døra med visakortet i handa og ein oppgidd bussjåfør seier eg skal få hoppe av og springe bort til minibanken på ein høveleg stad. Noko seier meg at eg bør ta lærdom av dette snart og faktisk ha med kontantar når eg skal reise med buss.

Sist eg reiste hadde sjåføren slik reaksjon at eg forstod det er eit ganske utbreidd problem at folk dukkar opp utan kontantar når dei skal reise med buss. Kvifor dukkar dei då opp utan kontantar når dei skal ta buss? Ganske enkelt: Dei forventar å få betale med kort. Ikkje unaturleg det, vi er trass alt i 2013 og kort er, som sagt, den leiande betalingsmåten. Difor verkar det litt steinaldersk og underleg at ein så mykje bruka transportmåte i stor grad forsett baserer seg på at folk har med seg kontantar.

No skal eg vere rettferdig og ikkje skjere alle over ein kam, men Nettbuss som eg reiser mest med er ganske dårlege på dette med kort. Dei har kortautomat i mange av bussane sine, men langt i frå alle. Ein skulle da ikkje tru at det var så vanskeleg å få installert kortautomatar i alle bussane i desse trådlause tider, men det er det tydelegvis.

Om myndigheitene vil at buss og anna kollektivtransport skal bli meir bruka bør det i alle fall leggast opp til at ein kan få betalt på enklast mogleg måte, det freistar liksom ikkje å stå der i døra utan å få betalt for seg. Om det skal settast krav til kortautomatar i alle bussar eller om det berre skal legge press på busselskapa veit eg ikkje, men ein ting er heilt sikkert, om det ikkje blir mogleg å betale med kort i alle bussar vil selskapa tape kundar på det.

 


Sondre Ormset


Politisk nestleiar
Møre og Romsdal Senterungdom
 

Du finn fleire lesarinnlegg her under På Porten - Lesarinnlegg