Bokomslag_690x464

Kortreist og spennande

Da Lars Steinar Ansnes, Erling Myrbostad og Torbjørn Polden hadde fullført boka om Kvenndalen, skulle dei ta seg «friår». Men det vart med det eine. For dei sleit med ei irriterande kløe: Søyådalen låg der og venta på dei.

Søyådalen er meir som ein «hemmeleg» og innestengt dal i kommunen – der dei fleste er ukjente med skattane dalen skjuler. Og da kan kløa etter å leite fram desse bli meir og meir irriterande.

Så derfor vart det med berre eitt friår; ventetida var over og dei tre forfattarane tok fatt på oppgåva.

300 sider seinare er oppgåva fullført og boka kome ut.

Dei tre forfattarane har tala med eit hundretals lokalkjente. Dei har fått låne bilde frå seksti-sjutti og fått tak i kart og andre skriftlege kjelder frå andre.

Med eit slikt stofftilgang, tek det tid å sortere og presentere det mest interessante. Tre år tok arbeidet, og nokre av desse lokalhistoriske funna vil bli avdekt på dette onsdagstreffet 17. juni kl. 13.30 i kulturhuset på Skei.

Det vil bli sal (og signering) av boka i etterkant av treffet for dei som vil sikre seg eit eksemplar.

SH