![SNC00170[1]_250x188](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1241086.1537.wcyvsqsufs/690x0/4786994_1241086.jpg)
Kreativ kunst i Kulturhuset
Onsdag 2.juni klokka 18.00 opnar Inga Dalsegg sine kunstelevar i Surnadal si årlege utstilling i Finstuå på Kulturhuset. Dei har jobba med både oljemåling, teikneseriar og ulike teikneteknikkar i vår, så her blir det mykje variert å sjå!
- I tillegg har dei jobba med animasjonsfilm, så for første gong skal vi vise film på utstillinga! Det blir fire kortfilmar som vi skal vise i Storstuå. Elevane gler seg veldig til dette, fortel Inga Dalsegg til Trollheimsporten.
Bilda viser elevar som jobbar med ein moderne versjon av eventyret om Bukkene Bruse.
Klikk på bilda for større versjonar.

.png)
![SNC00170[1]_1024x768](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1241090.1537.ctwwretbqq/260x0/4786994_1241090.jpg)
![SNC00172[1]_1024x768](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1241091.1537.tywaqxeadc/260x0/4786994_1241091.jpg)

