grundervgs

Kreative ungdommar

Tysdag 15. og onsdag 16.juni vart det arrangert Gründercamp for vg1-elevane på Surnadal vidaregåande skule. Elevane fekk i oppgave å utarbeid ei plan for ein serveringsstad i sentrum av Surnadal som nyttar kortreist mat. Eit dommarpanel evaluerte dei kreative ungdommane og premierte dei beste forslaga. - Vi ser at bygda har ei positiv framtid med slike ungdommar som dykk, sa Liv Dalsegg frå Surnadal Sparebank under premieutdelinga. Les meir og sjå bilete frå Gründercampen på skulen sine heimesider!