Elever

Krig på Åsen

I år er det 70 år sidan andre verdenskrig slutta. Dette har vore feira og markert på ulikt vis, og skulane har óg hatt dette som tema. Dei to siste dagane har 9. klasse ved Øye skule vore på Surnadal bygdemuseum på Åsen. Det er formidlingsgruppa ved Nordmøre museum som har invitert til temadagar om andre verdenskrig.

Ein av oppgåvene til museumstilsette i Nordmøre museum er å formidle. På etterjulsvinteren har formidlingsgruppa ved Nordmøre museum utarbeidd eit skulefornmidlingsprogram med andre verdenskrig som tema. Dei to siste dagane har dette programmet vore utprøvd på elevar i 9. klasse ved Øye skule.

Film 1[1][1]_640x480.jpg

Maja Frønes, Rannei Botten og Marianne Nystad ønskjer velkommen til filmframvising i fjøset på Åsen.

Film frå krigen.

Første post på programmet var film. Eistein Bæverfjord er i ferd med å lage ein film om kvardagsliv i Surnadal under krigen. Filmen skal ha premiere i haust, men no fekk 9. klasse sjå ein kortversjon av filmen.Tidsvitne som var på deira alder da krigen braut ut fortel i filmen om sine opplevingar av krigsutbrotet og om ei ungdomstid med mange begrensingar under krigen. Å arrangere dansetilstelningar, til dømes, vart ulovleg og tyskarane innførde danseforbod. Ei eldre kvinne i filmen fortel at ho ved eit høve fekk 60 kroner i bot for å ha dansa, og det var ei bot som sveid, for 60 kroner var mykje pengar i 40-åra.

Etter filmframvisinga vart ungdomane delt opp i grupper, og var innom fleire stasjonar i løpet av dagen. På ein stasjon var ytringsfridom tema. På grunn av sensur og innskrenkingar av ytringsfridom vart det laga aviser som vart trykt og distribuert ulovleg, og vart ein teken for slik verksemd kunne det vanke strenge straffer. Det same gjaldt for dei som hadde gøymt unna radioar og lytta på sendingar frå London. Elevane fekk høyre opptak av Vidkun Quisling sin radiotale 9. april 1940,der han annonserer sitt statskupp, og eksempel på radiosending frå London.

 

Konfirmant under krigen.

9. klasse har nyleg vore konfirmantar. I dagens overflod av både mat og klede, kan årets konfirmantar greie å sette seg inn i korleis det var å arrangere konfirmasjon i 1944?
Dette var oppgåva på neste stasjon. Dei skal arrangere konfirmasjon i 1944. Korleis få til dette når det er mangel på alt? Korleis få sydd konfirmasjonskjole når det ikkje finst kjoletoff i butikkane, eller skaffe nye sko når det ikkje finst skinn eller lær lenger til å lage sko av? Korleis lage konfirmasjonskake når sukker ikkje er å oppdrive? Da galdt det å vere oppfinnsom, bytte til seg varer, låne eller sy om klær. Desse utfordingane gjekk 9.-klassingane laus på med liv og lyst. Dei handla på butikken med rasjoneringskort, oppsøkte forsyningsnemnda og fekk søknadsskjema til å fylle ut for å få kjøpe bekledningstoff eller for å få halvsåle skorne sine og dei dreiv byttehandel i stor stil.

Rasjoneringskort.jpg

Her blir det handla inn til konfirmasjon med rasjoneringskort.

Gruppearbeid

Gruppearbeid. I pakkane er det egg, kaffeerstatning, kjøtt m.m.

Halvs. kort fram.jpg

Det var eit utruleg byråkrati under krigen. Du måtte søkje forsyningsnemnda om å få halvsåle utslitne sko!

Halvs bak.jpg

Rasj. kort.jpg

Rasjoneringskort

Papirsko.jpg

Når det ikkje var skinn eller lær å oppdrive, vart det produsert papirsko med tresåle. Fine å sjå til, men tålde vatn dårleg. B-såpe til høgre
 

Besøk på  forsvarsmuseet

Indre Nordmøre forsvarsforening har museum i eit eige hus på Åsen, der dei har ei stor samling av utstyr, skytevåpen og effektar frå krigen. Det var naturleg å legge turen innom her. Olav Jostein Holten tok velvillig i mot og fortalde frå krigsdagene.

I forsvarsmuseet.jpg

Evaluering

Opplegget vil no bli evaluert i ettertid. Kanskje blir dette eit tilbud til fleire skular og eit opplegg som kan gjentakast kvart år?