
Krim og komikk med kulturskulen

"Mordene på Ashdale" har alt ein klassisk krim skal ha: Ei rik bestemor, grådige slektningar som berre ventar på å arve alle pengane, ein butler, ein journalist, ein politiinspektør - og ikkje minst ei handling der den eine etter den andre blir myrda på slottet Ashdale. Men kven er det som myrdar kven...?
Forviklingar, mysterier og mykje humor, altså, i krimforestillinga som dei unge skodespelarane som går i 6. og 7.klasse på Øye skule og Stangvik oppvekstsenter viste både på ei skuleforestilling på dagtid og ei opa forestilling om kvelden.
Bildet til høgre viser dei åtte aktørane: Ragnhild Snekvik, Elin Nyheim, Jørgen Kvande, Trym Skogseth, Kristin Røen, Tuva Edvardsen, Martha Kvendset og Kristian Sæter.
Regissør Gerd Ingrid Kvendset si dramagruppe i Kulturskulen på Indre Nordmøre har øvd ein gong i veka i vår på det knapt ein time lange stykket, som inneheldt gode dosar av både humor og spenning.
Her følgjer nokre glimt frå forestillinga. Klikk på bilda for større versjonar.

.png)







