IMGP2855

Ei samling i samband med at Øvre Rindal kapell er 100 år

Kristeleg arbeid i fokus 1.mai på Lomundsjø bedehus

Etter gudstenesta 1.mai var det samling om det kristelege arbeidet i Øverbygda på Lomundsjø bedehus. Det var ei fin forsamling med folk frå alle kantar av bygda som møtte både Lomundsjøsambandet, Lomundal musikklag og vart med på kvinneforening.

 

Elsa Jensvold ønska forsamlinga velkommen til smørbrød først, så blautkaker, før tilbakeblikka kom.

Lomundal musikklag var sikkert det første musikklaget som spela i kapellet med trekkspel og fiolin. Det var rundt 1954 laget starta opp, og det var Jendem som var prest da. Korkje han eller dei seinare prestane hadde noko imot musikklag i kyrkja, noko som var omdiskutert somme stader, og i alle fall tidlegare.

Bjørg og Anders Børset var drivkreftene bak musikklaget i starten og lenge framover. Dei opptredde også som duo.

Lomundal musikklag for mykje rundt i nabobygdene og opptredde med songen sin. I 1958 spela dei i Festiviteten i Kristiansund på eit stort stemne. Da var det 2 bussar med frå Rindal. Øyvind Tønnesen var hovudtalar på det stemnet, hugsar Ingmund Bakken. Han var med heile tida og er kjelda vår.

I 1969 deltok dei på eit stemne i Trondheim og song både i Betania og i Vår Frue Kirke.

Ingmund fortalde også om ei musikkøvelse i Møkkelgård, Utistun. Det var vinter og sprettkaldt, som det kan vere oppi Lomundala. Lars Gåsvatn kjørte open traktor med langsleda bakom som songarane sat på!

I tillegg til songarar hadde musikklaget mandolin, sitter, trekkspel, fiolin og 6-7 gitarar, songarane måtte «ta ti!»

Her er levningane etter Lomundsjø musikklag, som Ingmund sa!

Jula 1981 stod eit nytt musikklag fram: Lomundsjøsambandet opptredde på juletrefesten. Det var ungdommane som tok over.

Jon Gåsvatn var sentral, og eg misstenker dei for at namnet har ein viss samanheng med bandet Sambandet til Åge Aleksandersen.

No hadde elektrifiseringa sleg til for fullt! Her var det høgtalarar og elektrisk bass og gitar.
Dei var fast på julekonsertane i Rindal kirke fram til siste året dei var i lag, 1986.

Elles for dei mykje rundt; frå Solhøgda og Bøfjorden til Trøndelagsbygdene.

Nedafor ser du bilde frå kvinneforeningsmøtet vi fekk vere med på. Klikk på bilda og sjå dei større og som bildeserie etter at du har sett over bilda med bildetekster!

 

IMGP2855
Gjertrud ønsker Ildri hjarteleg velkommen åt utigard på kvinneforening
IMGP2860
Oss må søng ein song
IMGP2864
- og dei song alle versa!
IMGP2865
IMGP2867
Bundingen og høgtlesing hørte med
IMGP2873
Kaffepausen var (er) alltid viktig!
IMGP2877
Basaren måtte forberedast, men er det nok basarvaru?
IMGP2882
Det kom inn ei kro'n og femti øre i kollekt. Ein heil femtiøring, som kanskje var den einaste i heile bøgden!
IMGP2900
Til slutt ærer vi kjøkkenfolka av 1.mai 2011 med eit bilde!