Minneord frå Bernt G. Bøe
Kristian Halse til minne
I år kjem eg til å sakne det faste julebrevet med den varme og velforma helsinga som alltid kom frå Kristian Halse. Skulemannen, forfattaren og kulturberaren er ikkje lenger mellom oss.
Kristian har gjennom sitt aktive liv følgd opp familiens kulturtradisjonar. Han er oppkalla etter bestefaren, som var lærar i Halsa, Bøfjorden og Todalen, musikar og folketonesamlar. Blant onklane var Leif (han med «Vangsgutane»), Olav (organist og kunstmålar i Halsa) og spelmann og fiolinist Kollbjørn.
Kontakten med Nordmøre betydde mykje for Kristian. Så lenge onkel Olav levde, var det mange turar til Halsa. Gjennom vennskapet med Alf Ramsøy og andre stod Todalen hjartet nært.
I Åsskard hadde han mykje kontakt med Eistein Bæverfjord og bidrog i eit par av filmane hans. Barndomsminna frå Halsa-turane forbi den idylliske løa i Åsgardhøgda vart såleis til ein lyrisk filmstubb.
Sjøl vart eg kjend med Kristian Halse i seinare tid. Vi besøkte Åsskard-kyrkja, der han var døypt. Og vi gjorde strandhogg her og der i Bøfjorden – mellom anna ved tuftene etter Heggems Skolehus, der bestefaren underviste før han slo seg ned i Todalen. Kristian var ein inspirerande gjest – full av kunnskap, kulturinteresse og ikkje minst humor.
Han var fødd i 1926. Som ung gjekk han folkehøgskule i Surnadal og på Voss. I 1951 tok han eksamen ved lærarskulen på Nesna. Seinare studerte han songpedagogikk og tok mellomfag i norsk og historie.
Han slo seg ned i Mosjøen. I 1951 vart han lærar ved Vefsn Folkehøgskule og var frå 1960 til 1991 adjunkt ved den vidaregåande skulen der. Blant elevane var han godt lika for fagleg kvalitet, glød og engasjement.
I perioden 1969-73 var Kristian Halse varaprepresentant for Venstre på Stortinget. Året 1973 hadde han fast plass (som vara for forsvarsminister Johan Kleppe) og var da medlem av landbrukskomiteen.
Kulturarbeid og lokalhistorie har engasjert han heile livet. Han har skrive bøker om komponisten David Monrad Johansen, Vefsn Venstre, Mosjøen Idrettslag, Vefsn Folkehøgskule, Olderskog skule, Mosjøen Orkesterforening og Mosjøen Mannskor. (Dette koret var han også dirigent for.)
I 2008 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull. Ei byste av kulturpersonen Kristian Halse vart avduka i Mosjøen 17. mai 2014.
Som lyrikar skreiv han diktsamlingane «Levande tid», «Min løynde blom» og «Framtid med fjell». Eg let denne minneartikkelen tone ut med nokre linjer frå diktet «Ditt fjell»:
Høgt over livet lyser din tind.
Evig den same i døgnets vind,
vaker han over din vaneveg.
Same kva leier lengselen finn,
fjellet, det følgjer deg i ditt sinn,
kallar den vandrande opp til seg.
Og alltid stundar du mot ditt fjell,
til tinden glør i din siste kveld.
Bernt G. Bøe