
Trygve Brøske og Anne-Lise Berntsen med konsert i Surnadal
Kritikarrost ensemble med dødssongar
Bak den kraftfulle CD-tittelen "Death - Smjertj" ligg eit usedvanleg breitt utvalg songar med døden som tema. 8.oktober har Eisler Ensemble med Anne-Lise Berntsen som vokalist og Trygve Brøske frå Stangvik som musikalsk leiar, konsert i Surnadal Kulturhus. Der presenterer dei plata med musikk av Monteverdi, Mussorgsky, Weill, Bach, Cash, Sommerro, Cave og Dylan i ei usalig blanding.

"Jo, døden er tema for sopran Berntsens (67) valg av sanger, men glem trist gravferdsnynning. Sammen med et ensemble på hugget byr hun på død og drama, fra det stille, nydelige til det ubremset rasende. Låtskriverne er ekstremt fritt valgt, folk fra Bach til Nick Cave, fra Shakespeare til Dylan. Med så flinke folk funker det helt perfekt. De har overtaket hele tida, og skaper sterk spenning og stemning", skriv Østlendingen sin anmeldar og gir terning 5 for Eisler Ensemble sin nye CD.
Gruppa sin platedebut, "Ohne Sentimentalität" frå 2008, vart ein kritikarsuksess. Med den nye innspelinga "Death - CMEPTb", går ensemblet inn mot livet si bakside, inn i eit område som angår alle, men som ofte blir estetisert og ufarleggjort. CD-en, som er produsert av surnadalingen Jostein Ansnes, løftar fram ulike typar songar som belyser dødstematikken frå ulike kantar. Tittelen på plata er spesiell, men Trygve Brøske seier at ingen treng å bli skremd av den grunn, her er også mykje lystig.
Eisler Ensemble er eit fleksibelt og sjangerfritt ensemble under leing av pianist og komponist Trygve Brøske. Idéen bak ensemblet er å kombinere musikarar med individuelle uttrykk og ulik bakgrunn, frå samtidsmusikk, klassisk musikk, jazz, pop og teatermusikk. Resten av ensemblet består av Sigrid Stang (fiolin), Øyvind Engen (cello), Ole Jørgen Melhus (trombone), Erlend Smalås (bass/tuba), Carl Haakon Waadeland (perkusjon) og frontfigur Anne-Lise Berntsen som blir rekna som ein av dei fremste og mest nyskapande songarane i Norge.

.png)

