Kultur under StK 3

Kultur under Stor-Kalseten

Bilde: Kallset-brørne hadde mange talent – ikkje minst i musikken. Frå venstre Gunnar, Ola, Knut, Tore og Per.

Plakat KULTUR under Stor-Kalseten.jpg

Kan landskap føde kultur? Bøfjorden Historielag stiller spørsmålet. Uvanleg mange kulturprofilar har sine røter ved Kalset ytst i bygda.

Samlinga på museet søndag dreg fram spellmenn, diktarar, songstjerner, synleg og klingande kyrkjekunst, diplomatar, TV-ansikt, vanlege arbeidsfolk og uvanlege originalar som anten budde ved stranda under fjellet Stor-Kalseten eller stammar derifrå.

Bilete, lydopptak og opplesing skaper møte med kyrkjekunstnaren Ole J. Kolset, søskenflokken frå Kalset med bl.a. spellmannen Ola og diktaren Per. Bjarte og Erling With Aasgård er seinare musikkfolk i denne slekta.

Etter Gjertrud i Sjølgjetla stammar operastjernene Astri Sterenyi og Hjørdis Lauenborg, poeten og skribenten Astrid Hamnes Slapgard og hennar barnebarn, som TV-reportaren Sigrun Slapgard og dirigenten Bjarte Engeset – med internasjonalt namn.

Og mange andre blir omtala på Bøfjorden Sjøbruksmuseum – med dramatiske dyrehistorier, overtru og muntre anekdoter som tilbehør til kaffekosen rundt borda. Eit uvanleg rikhaldig kulturtema!

Kultur under StK 1.png
Hjørdis Lauenborg, operastjerne i Danmark i 1950-åra, hadde sine røter i Sjølgjetla ved Kalset.

Kultur under StK 2.png
Målaren Ole J. Kolset (1722-1789) skal også vera frå Kalset. Han skapte kyrkjekunst både i Nordland og på Nordmøre – i Bremsnes, Frei, Kristiansund og i heimekyrkja Halsa. Her viser kyrkjetenar Per Enge namnetrekket på preikestolen i Halsa.