
Kulturgåve til historielaget
Sigurd Solem (98) er trufast støttespelar til historielaget i heimbygda Bøfjorden. På museumsdagar og elles har han aust av sin store kunnskap – særleg om tider som var. No skjenkjer han og familien nok ei kulturgåve til laget og museet.
Bildet over: Bøfjorden Historielag har fått denne unike sveivegrammofonen i gåve frå Sigurd Solem og familien på Solemmo.
Tekst og foto: Bernt G. Bøe
Sveivegrammofonen frå tidleg 1900-tal høyrde først til Sigurd si svigermor, Marie Skrøvset. Barnebarnet Asbjørn Solem fortel at ho starta som postopnar i Bøfjorden i 1903. - Kanskje brukte ho ei av sine første lønningar til å skaffe seg dette moderne vidunderet? seier han. Faren Sigurd vart eigar av grammofonen i 1941 – da han kjøpte den av si komande svigermor.

Asbjørn Solem med klenodiet.
Grammofonen har eit unikt innbygd høgttalarsystem. Lyden kjem fram når ein opnar luker i kassen – altså ulikt den klassiske «grammofon-tuten». Fabrikatet ikkje sjekka enno.
Tre historiske shellac-plater (såkalla «steinkaker») er også del av gåva. To med trekkspelmusikk er utgjevnde på «Concert Records Gramophone», seinare kjent som HMV (His Master’s Voice) - med biletet av hunden som hører stemmen til eigaren sin gjennom tuten. Ei plate - av merket «Odeon» - inneheld verbal opplesing ved den kjende skuespelaren Joachim Holst Jensen.
Bøfjorden Historielag er takknemleg for denne kulturhistoriske gåva og lovar å ta vel vare på klenodiet!

Sigurd Solem – trufast gjest og kunnskapsrik bidragsytar på Bøfjorden Sjøbruksmuseum i mange år.
![Kulturgåve d HMV Br Sundkvist[1]_690x669.jpg](https://img7.custompublish.com/getfile.php/4690305.1537.jblw7zjlpuwj7w/Kulturg%C3%A5ve+d+HMV+Br+Sundkvist%5B1%5D_690x669.jpg)
Medfølgjande HMV-plate der Bröderna Sundkvist spelar «I alla fulla fall» og «Köst-valsen».
![Kulturgåve e Odeon Olsens Hjemkomst[1]_690x578.jpg](https://img7.custompublish.com/getfile.php/4690306.1537.miulsjq7pliimk/Kulturg%C3%A5ve+e+Odeon+Olsens+Hjemkomst%5B1%5D_690x578.jpg)
Marie Skrøvset sveiva også i gang verbal underhaldning – som når Joachim Holst Jensen las «Konen med Æggene» og «Olsens Hjemkomst» på denne Odeon-plata.
			
.png)

