Bilde nr

Eg kan supplera med kommentarar og eit par bilde sier Ragnhild Bolme

Kulturhistorisk vandring 8. juli 2012

Den 8 juli var det Kulturhistorisk vandring i Romunstadbygda. Du kan lese det første innlegget her. Klikk les mer for å se Ragnhilds kommentarer på turen!



Frå 1831 vart vegarbeidet i bygda lagt inn i rodar utrekna etter matrikkelskylda på gardane. Ola Storli viser her fram ein rodepåle som stod ved gammelvegen ikkje så langt frå Stomprødholten. På den eine sida av pålen står det Gnr. 2 og bnr. 1, Tretten. På den andre sida stod det Gnr. 6 og bnr. 1, Stomprød. Dette tilseier at Tretten hadde vedlikehaldsplikt på vegen fram til denne rodepålen og vidare Stomprød fram til ein annan påle i retning Kirkholten. Det stod også på pålane kor lang strekning gardbrukarane hadde ansvaret for. Vi var ikkje heilt heldige med veret denne dagen, men dei 32 som møtte opp hadde ein svært så interessant og gau ettermiddag, med kjentmenn som hadde mykje lokalhistorie å fortelja oss. Matpausen hadde vi på Stomprøen der Birger Bakken gav oss tak over hau!


Her er eit nærbilde av rodepålen der ein såvidt ser at det står gnr. 2, bnr. 1, Tretten.

Jorda på husmannsplassen Råket, som vart dyrka opp av Peder Ingebrigtson Stomprød, f. 1795. Han fekk bygsel på 2 meling jord til plassrom av Iver M. Lossius. Jorda høyrde til utistu Stomprød. Det var berre ein familie som budde her. Plassen vart nedlagt i 1861.

Jordvegen på husmannsplassen Øygardsgjeret. John Ingebrigtson Stomprød, f. 1803, bygsla seg plassrom her i 1834. Han mista livet da han skulle grave eit hol for å “gjømme” ein stor stein. Medan han stod nedi holet og grov, rasa steinen utover han slik at han omkom. Dette hendte 31. mai 1838. Enkja dreiv plassen i nokre år etterpå. Ho tok seg teneste som budeie på Øygarden og døde der som enkje i 1894. Desse to plassane låg i nede i lia vest for Høstovegen. Eg kan og nemna Friktrøa, der tippoldemor til Ole Gunnar Solskjær vart fødd. Plassen låg på nedre sida av hovedvegen, heilt i vegkanten, rett før vi kjem til Storligjeret.

For dei som er spesielt interesserte står det meire om husmannsplassane, og kart over der dei låg, i årsskrift for Rindal Heimbygdlag 2010.