
Kulturmønstring med høg kvalitet
The Sparklers imponerte med sjølvlaga dans. Alle foto: Norunn Holten
Eit program med heile 28 sceneinnslag fortel ikkje reint så lite om aktiviteten innan kulturlivet på indre Nordmøre for tida. Berre byane Molde, Kristiansund og Ålesund har fleire deltakarar på årets UKM her i fylket, fortel ungdomskonsulent Lars Sæther. Deltakinga er derfor bra, men kjem likevel ikkje opp i mot talet frå i fjor da heile 180 var med. Dette året hadde Surnadal fylkets største deltaking. Sæther fortel at det hovudsakleg er på utstillingssida deltakinga er mindre i år.
I tillegg til dei som deltok på UKM med utstilling eller hadde sceneinnslag med musikk eller dans, var det både scenearbeidarar og konferansierar blant deltakarane i mønstringa. Dessutan var ein journalist også med. 11 år gamle Elise Stensønes skal leggje stoffet sitt ut på nettsidene til UKM der alle kan få sjå det. Elise fortel at ho ikkje likar så godt å stå på scenen, men at ho har drive med fotografering lenge. Slik endar ein altså som ung journalist i ei kulturmønstring!
Spekteret i ferdigheitene juryen skal vurdere, er med andre ord breitt. Juryen består av seks personar: tre som representerer ungdomsråda i dei tre kommunane og tre fagdommarar, ein for musikk, ein for dans og ein for kunst. Ungdomsrådsrepresentantane er Kristoffer Sæter, Surnadal, Anders Grytbakk, Rindal og Anne Marte Baardset, Halsa. I fagjuryen er Turid Sæther, Surnadal, Åse Børset, Rindal og Kåre Dønheim, Halsa. Desse skal altså bestemme kven som skal gå vidare til fylkesmønstringa. Dette kan vera maks 20 per kommune, eller tre sceneinnslag, opplyser Lars Sæther. Til avgjerda er tatt, er det berre å vente i spenning. Her er det mange om beinet, og stor spreiing både i alder på utøvarar og produkt som skal vurderast. Juryen har ein krevjande jobb føre seg. Ein ting er i alle fall sikkert: Ein kan godt vera god i det ein gjer og likevel ikkje koma til fylkesmønstringa!
Humør på scenen: Kenneth Ødegård Sørvik (gitar), Per Helge Årnes (gitar), Ann Iren Brøttesmo (vokal) og Sveinung Halle (bass). Skjult bak dei andre: Øystein Seter på trommer.
Over til venstre: Dyktige konferansierar for kvelden med høg glamourfaktor var Ida Andrine Heggset og Elise Einum.
Over til høgre: Elin Skei fekk opp temperaturen i salen med brasiliansk zumba/magedans.
Elise Stensønes deltok i UKM som journalist.
Til venstre Ingvild Megård, til høgre Kristine Holte, som begge hadde songinnslag på UKM.
Lone Lorgen frå Rindal og Karianne Reiten frå Halsa i vakker duett.