Jarle Halgunset - kulturprisvinnar 2015

Kulturpris til utflytta rindaling

For ein månads tid sidan registrerte nokre her i området at ein utflytta rindaling hadde fått ein kommunal kulturpris nede på Sørvestlandet. Under julemiddagen til Suldal kommunestyre fekk Jarle Halgunset, utflytta frå Rindalsskogen, Suldal kommune sin kulturpris for 2015.

Prisen består av diplom, eit bilde, blomster og grunngjevinga til forslagsstillaren for at Jarle bør få prisen.

På bildet får Jarle overrekt prisen av leiar i levekårsutvalet i Suldal, Ola Jelsa.

Her kan du lese grunngjevinga til dei som anbefalte kulturprisen til han:

Jarle Halgunset profilbilde.jpgJarle Halgunset er ein kulturberar på så mange måtar. Han har vore engasjert i bygdelivet frå han kom til Erfjord i 1973, på ulike arenaer, så som idrett, kristent arbeid, frivillig arbeid m.m.

Han er ein ivrig fotograf og har frå han kom hit og til nå dokumentert via bilde det sosiale livet i bygda. Han har tusenvis av bilde og har digitalisert dei og sett dei i system. Dette brukar han aktivt og deler med andre i mange samanhengar, han er stadig etterspurt i lag og organisasjonar der han gledar oss med bildeseriane og dermed held oppe interessa for bygdehistoria.

Jarle har stor kunnskap innan naturfag og er som eit levande oppslagsverk å vera på tur med. Han har vore opptatt av å formidla naturfag og friluftsliv til barn og unge og han var ein pådrivar i oppstart av leirskule på Foldøy og i drifta der. Ofte blei det då anangert kulturkveld på Foldøy saman med deifastbuande, også dette har han dokumentert med bilde.

Jarle tilpassar seg tida me lever i og brukar sosiale media til å dela bilda. Planter og andre vekster blir spennande gjennom Jarle si formidling. Han har stor følgjeskare, mellom anna av tidlegare elevar som set stor pris på å få daglege glimt frå barndom og skuletid.

Me meiner Jarle Halgunset er ein verdig vinnar av kulturprisen 2015. 

Sjå heimesida til Suldal kommune her.

Foto: Suldal kommune og Jarle Halgunset på Facebook.

Du kan bli litt betre kjent med kulturprisvinnaren ved å lese det vi skreiv om han på Trollheimsporten for 4 år sidan!

Jarle Halgunset ved Stakkengløa, Rindalsskogen_690x458.jpg
Eit lokalt bilde av kulturprisvinnaren Jarle Halgunset, her ved Stakkengløa, Rindalsskogen.