Leserinnlegg _200x200

Eit lesarinnlegg av Sondre Ormset

Kulturrabatt for ungdom i Møre og Romsdal

- Kulturrabatten for ungdom er ein rabatt der ungdom mellom 16 og 20 år får 25 % avslag på ymse konsertar, festivalar og utstillingar rundt om i fylket. På kino er rabatten utvida til å gjelde frå 15-20 år. Diverre gjeld kulturrabatten for ungdom berre på langt nær alle kulturarrangement og det er per no berre eit prøveprosjekt som varer ut 2012. Dette skriv Sondre Ormset i eit lesarinnlegg som du kan lese i si heilheit under

Eg ynskjer at kulturrabatten for ungdom blir vidareførd, slik at den blir permanent når prøveperioden er over. Dette fordi kulturrabatten for ungdom er ei god løysing for ungdom som gjerne har litt dårleg økonomi, men ynskjer å delta på kulturelle arrangement og dei deltek heller på kulturelle arrangement dersom dei føler dei har råd til det.
Eg meiner òg at kulturrabatten for ungdom bør utvidast til å gjelde frå fylte 13 år, då ein fleire stader må betale fullpris både som 13 og 14-åring, noko som er skammeleg!


I tillegg bør ein prøve å få med alle kulturarrangørar i fylket på ordninga slik at alle ungdommar kan få det same tilbodet. Frå kulturarrangørane si side bør dette bli sett på som ein fordel då dei, ved å dokumentere talet selte rabattbilettar, får refundert utgifta frå fylkeskommunen.


Til slutt bør ein satse på auka informasjon om ordninga, alt for få ungdommar veit at den eksisterer. Arrangørane må vise til at dei har logoen til ordninga i ei brosjyre eller på nettsida si for å få refundert rabatten, men det er ikkje nok! Fylkeskommunen gjer ein ganske bra jobb med å profilere ordninga, men arrangørane er for slappe, sjølv om meir reklame ville gitt dei større inntekter i form av fleire brukarar.

 

Sondre Ormset
Organisatorisk nestleiar Møre & Romsdal Senterungdom