Kulturskoletimen
Kulturskolen på Indre Nordmøre har vore ute i grunnskolane og undervist i Kulturskoletimen. Dette er eit frivillig og gratis tilbod til elevar ved småtrinnet. Aktivitetane varierer frå skule til skule og etter kva personale som er der.
I Rindal har Lubomir Aleksandrov (Alex) og Elisabet Røyset undervist ei kjekk gruppe med 3. klassingar. Dei har sunge, dreve med enkel rytmeleik, og i det siste har dei fått spele gitar og fiolin. Dette har vore veldig populært blant elevane. Kanskje ser vi starten på Rindal nye spelmannslag her.
Etter denne perioden med musikk vil danselærar Stine ha ein periode med dans med elevane, men etter jul vil det bli høve til å spele meir gitar og fiolin.
Alex og Elisabet tar snart med seg instrumenta opp til Øvre Rindal skole for ein periode der.
Elles er det lærarar frå Kulturskolen på Indre Nordmøre på Halsa, Stangvik, Øye og Bæverfjord. Etter jul vil også Todalen og Mo skule få besøk.
På bileta ser vi Odin, Marte og Aleksander på gitar.
Guro, Kristine, Mari, Lise, Kjersti Marie, Scott, Karmen, Sofie, Jenny og Helene på fiolin.
Alex og Elisabet er med på gitar og fiolin.