OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kulturskule-elevar med kjærleiksrock

Måndag 14. februar inviterer Kulturskolen på Indre Nordmøre til årets kulturskolerock i Storstuå i Surnadal Kulturhus. Der spelar Trøkk, Emergency, Zplint (tidlegare Surna River Band, bildet), Burn, MILI, The JoJo’s samt RarJa frå Rindal. I tillegg blir det for første gong besøk ”utabøgdes” av to flotte band som er invitert frå Sunndal Kulturskole. Temaet for årets rockekonsert er kjærleik, og alle banda kjem til å framføre minst en kjærleikssong kvar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dei unge musikarane vil ta publikum med på ei variert og spanande reise i rockens verden, med musikk av mellom anna kjende band/artistar som Knutsen og Ludvigsen, Nirvana, The Beatles, Troggs og De Lillos samt innslag av sjølvskreve songar.

Det er gjort eit utval av nokon av dei mest legendariske kjærleikssongane rockehistoria har fostra.

- Møt opp og sjå gamle så vel som kommande klassikarar bli framført av Surnadal-rockens fremtidige stjerner! oppfordrar Kulturskolen om konserten måndag kveld, der det er gratis inngang.