Kulturvandring i Bøfjorden
Søndag inviterer Bøfjorden historielag til kulturvandring «Frå bukt til bukt». Området rundt Sjøbruksmuseet byr på mykje kulturhistorie – med trafikknutepunktet Skrøvsetvika i sentrum. Programmet startar på museet - med biletserie frå historia. Bøfjord historielag er med i Trollheimsporten.
Etter denne innføringa startar sjølve vandringa ved Ådalen og Settemsbukta. Med jamne mellomrom stansar ein ved bygg og utsiktspunkt der historielagets folk informerer – gjerne med innspel frå følgjet.
Av kjent og ukjent frå eldre og nyare tid som blir trekt fram, er som Bøfjordens Meieri (1890-1913), sildfiskeri på fjorden, gamle vegar og personportrett. Bedehuset Betania er no 80 år. I Skrøvsetvika var det handel, post, gods- og passasjertrafikk og naust for sildnotbruka.
Skrøvsetskjeret – attmed det noverande museet - hadde skipsverft og fiskeindustri. På Skrøvset var det hollender-sag, og ute i Bakken dreiv handelsmann Vågen si enkle forretning.
Dessutan har sjølve museumsbygget ei rik fortid som ungdomshus og kinolokale.
Historielaget vil understreke at ingen treng å kvi seg på slitsam vandring: Det blir ordna med grei bilskyss for alle som ønskjer det! Ein håpar søndagens opplegg vil freiste mange til å bli kjent med eller gjenoppleve ein fargerik del av nordmørsk og bøfjordsk kulturhistorie.
Samtidig er museet base for opplegget - med kaffe og tilbehør som vanleg.
Klikk på bileta under og sjå dem større og i serie: