
Temasøndag med historielaget
Kulturvandring i Settemsdalen
Jakthistorier, bureising, tjørebrenning, sagbruk, smie, handel, industri og jordbruk er stikkord på temadagen. Besøk i det moderne, nye fellesfjøset ved Oppigarden er del av programmet.
Kvinneprofilane Dordi-Dørdi og Grøtan-Guro blir skildra gjennom bilete og tekster (m.a. av Hyldbakk). Mystiske hendingar som “Jentefunnet” blir også trekt fram.
Tekstilbedrifta Settemsdal AS sysselsette mange frå 1930- til 1950-talet og er bakgrunn for ei lita mannekeng-oppvisning. Folk som enno har klede derifrå, er oppmoda om å ta dei med!
Programmet startar med fotoglimt på museet til vanleg tema-tid og blir avrunda med sjølve kulturvandringa i Settemsdalen.
Settemsdalen var ein liten landsby før utstiftinga i 1930-åra.
Kjend profil i Settemsdalen: Guro Grøtan vart landets eldste kvinne med sine over 105 år.
Hjelmen-dressen var suksessprodukt frå skreddarbedrifta Settemsdal AS.