
Kulturvandring i Søyådalen
Da klokka var 10 hadde det samla seg ca. 40 personar ved gamle Eidet skole. Dei ville vera med på denne kulturvandringa i Søyådalen.
Vi kjørte i kolonne innover dalen til første stopp som var der ein tek av til Tverrådalen. Her var det informasjon. Kjørte så vidare inn til der vegen deler seg på nord og sør siden av dalen. Her vart bilane parkert.

Herifrå gikk vi innover dalen på nordsida inn til Holtasetra der det vart matpause og orientering. Så gjekk turen over elva og opp til Mosetra, Øyskogsetra og Litlstuå. Vidare tok vi ned til Vassengsetra og Mellingsetra.

Til slutt var det stopp ved hytta til Oddvar Kvande. Der var det bilete og andre skriv å få sjå. Her vart det teke manntal. Undervegs var det allsidige faktaopplynninger, alt frå drikkevatn, ras, buplassar, setrer , fjell, gode historier, diktlesing og mykje meir. Takk til alle som bidrog med informasjon. Neste turen går opp til Halsakammen. Kom og bli med!
Tekst/foto: Einar Grønnes.
Klikk på bilda for å sjå dei større og kjør dei som bildeserie!
.

.png)









