Kunnskapsløft
I dag var rådmennene i Surnadal, Rindal og Halsa inviterte til Surnadal vidaregåande skule for å skrive under på ein avtale om forpliktande samarbeid. Målet er å befeste den lokale tilhørigheita til skuleungdommen og sikre kompetent arbeidskraft til næringslivet i regionen.
På eit lunsjmøte på Surnadal vidaregåande skule vart avtalen presentert av prosjektleiar Per Kristian Øwre.
Det er Kunnskapsløftet som Regjeringa lanserte, som på denne måten får eit konkret resultat. Avtalen skal sikre forpliktande samarbeid mellom skulen, kommunen og det lokale næringslivet. Det er negativ utvikling av folketalet i desse kommunane. No må det må skapast arbeidsplassar for å halde på ungdommane. Næringsliv og skule er gjensidig avhengige av kvarandre. Skulen må skreddarsy kompetanse i samhandling med næringslivet.
Rådmennene Geir Wikan, Surnadal, Bjarne Nordlund, Rindal og Børje Alander, Halsa skriv under avtalen om samarbeid mellom Surnadal vidaregåande skole og lokalt næringsliv. Prosjektleiar Per Kristian Øwre og rektor Anders Talgø ser etter at alt vert rett.
Bjarne Nordlund såg det som viktig at kommunen gjennom denne avtalen deltek i samarbeidet om utviklinga i regionen. Surnadal vgs må bli den skulen som også elevane frå Rindal vel først, sjølv om det frå Rindal fortsatt vil vere lekkasje nordover.
Det siste linetilbudet ved Surnadal vgs er Transport og logistikk. Der manglar ein lærar enno, men rektor reknar med at den vil komme på plass. Surnadal er jo ei stor kommune innan transport og logistikk, så dette er rett plassen for ei slik line.
Assisterande rektor Anna Ingeborg Nordvik kunn e opplyse at ved Surnadal vgs får dei aller fleste oppfylt primærønska sine. Det også nokre som prøver andre skular, for seinare å søke seg tilbake til «skulen sin» att.
Ei undersøking av kvalitet i den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal lagt fram i Fylkestinget i oktober, viser at resultata ved Surnadal vgs er heilt i toppen.
Driva har dette om saka: Forplikta til utvikling og i Tidens Krav dette

.png)

