GBR2_350x361

Kunstutstilling i Surnadal

Surnadal Kunstforening inviterer til utstilling med Grethe By Rise i Surnadal Kulturhus. Opning blir laurdag 30.oktober, og kunstutstillinga står til søndag 7.november. Gjennom dei vel ti åra Grethe By Rise har levd av målekunsten sin, har ho vore trufast mot teknikk, medium og uttrykksform. Ikkje minst gjennom bruk av eggoljetempera, ein av dei eldste måleteknikkane vi kjenner til.

Grethe By Rise blir til stades under opninga, og vil saman med sin mann Ola fortelje om teknikkar og skaparprosessen før galleridørene blir opna.

Ho har skapt sin særeigne og lett gjenkjennelege stil, i feltet mellom abstrahert figurasjon og nonfigurative motiv. I dei siste åra har By Rise sin kunst konsentrert seg om to hovedtema. Det eine temaet har ho kalla Kvinneliv, der betraktaren blir konfrontert med ulike aspekt frå kvinner sin kvardag. Måleria er i sterk grad prega av humor, medan titlane snarare viser alvoret i temaet.

Grethe By Rise sine nonfigurative måleri – hennar andre hoveduttrykksform – gir betraktaren friare assosiasjonar, og titlane omfattar gjerne abstrakte begrep som håp, til alle tider, forankring, livsnerve og spegling.