byggherrar_350x233

Kurs for byggherrar i landbruket

Tirsdag 9. og onsdag 10. november blir det eit lokalt kurs for byggherrar i landbruket. Kurset blir på SANS Bergmannnskroa, Løkken Verk, og startar klokka 10.00 og varer til klokka 16.00 begge dagar. Det vil ta for seg prosessen frå tankane kjem om å gjere noko med driftsbygninga, til byggearbeidet er avslutta. Kursleiar er Per Olav Skjølberg fra Norsk Landbruksrådgiving. I tillegg blir det mellom anna med byggentreprenør, økonomirettleiar og bonde som nyleg har gjennomført ein byggeprosess. Les mer på Surnadal kommune si heimeside.