
Kurs i strengarbeid på Åsen
Grunnen til at dette vert kalla taterarbeid eller fantearbeid er at omreisande har hatt ein sterk tradisjon for å lage bruksredskapar og prydgjenstandar av streng for sal og bytehandel på si ferd.Med lett tilgjengelege materialer og enkle redskap kunne ein med godt handlag produsere mange gjenstandar på ei kveldsstund. Tradisjonelt var dette mannsarbeid, og det krev tidvissterke hender fekk vi erfare på dette kurset.Ikkje mange driv med med dette idag, og vidareføringa av kunnskapen er med på å halde handverket levande. Vi lærte grunnleggjande teknikkar og metodar, og alle fekk lage bruksgjenstandar vi kunne ta med heim.
Surnadal Museum takkar dei ivrige kursdeltakarane og den inspirerandekurshaldaren for ein givande dag !
Les meir og sjå fleire bilete her og på www.todalen no