Halle_1024x1542

Kva blir din pensjon?

11 personer kom til pensjonsmøtet arrangert av Kjetil Halle frå Sparebank 1 SMN. Den nye pensjonsreforma fører med seg ein del spekulasjoner om kva ein får å rutte med den dagen arbeidslivet tek slutt.

Dei nye reglane legg meir og meir ansvar om ein vil ha det litt romsleg når alderdomen kjem, og ikkje alle er klar over kva dei nye reglane fører med seg. Den "gamle" folketrygda forsvinn ikkje, men ein får av den bare opp til 50% av dei beste 20 åra av utbetalt lønn.

Resten blir dekt av andre pensjonsordningar, som tjenestepensjon og pensjonssparing. Det er mogleg å rekne ut kva ein kan forvente om ein besøker pensjonskalkulatoren på NAV si heimeside eller sida laga av banker og forsikringsselskapa i fellsskap, www.norskpensjon.no.

På NAV si side må ein ordne seg med ein ID (den samme som ein bruker for å sjekke sjølvmelding.) og på norskpensjon.no kan ein bruke sin bank-ID. For dei som er født etter 1963 gjeld den nye pensjonsreforma fullt ut, og dei født før det vart det ein gradert overgang.

Kjetil Halle fortalte at dei var villige til å sette seg ned og ta ein pensjonsprat også med dei som ikkje fann tid å komme innom på møtet på Vårsøg Hotell. For dei som driv frilands og er sjølvstendig næringsdrivande blir det ekstra viktig å passe på eiga pensjonssparing.

Foto/Tekst: Lars Magne Bæverfjord