Todalen.no har ein konkurranse på gang. No har dei lagt ut eit bilde og lurer på kva slags reiskap dette er. Reiskapen har eit bevegeleg blad og eggen på bladet er bua på eine sida. Skaftet er nypussa, men orginalt. Kva har dette vore brukt til? Har du svaret, send e-post til red@todalen.no eller til redaktor@trollheimsporten.no