Kva er me god for?
Preika som vart halden på Eldresenteret ligg vedlagt.
Eldresenteret 12.02.12.
Kristi Forklarelsesdag blir han kalla, dagen i dag. Kristus forklart, intruert og framsagt. Det kan vera så me forstår litt meir både av Jesus og av oss sjølve gjennom det me no skal høyre frå Markus 9:
Seks dager senere tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dem opp på et høyt fjell, hvor de var alene. Der ble han forvandlet for øynene på dem, og klærne hans ble så skinnende hvite at ingen som bleker klær her på jorden, kan få dem så hvite.
Elia viste seg for dem sammen med Moses, og de snakket med Jesus. Da tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. La oss bygge tre hytter, en til deg, en til Moses og en til Elia.»
Han visste ikke hva han skulle si, for de ble grepet av stor frykt.
Da kom det en sky og skygget over dem, og det lød en røst fra skyen: «Dette er min Sønn, den elskede. Hør ham!»
Og med ett, da de så seg omkring, så de ingen annen enn Jesus; bare han var hos dem.
På veien ned fra fjellet påla han dem at de ikke skulle fortelle noen hva de hadde sett, før Menneskesønnen var stått opp fra de døde. De tok til seg dette ordet, og de diskuterte seg imellom hva det er å stå opp fra de døde.
Og de spurte ham: «Hvorfor sier de skriftlærde at Elia først må komme?»
Han svarte: «Elia kommer først og setter alt i rette stand. Men hvordan kan det da stå skrevet om Menneskesønnen at han skal lide mye og bli foraktet?
Jo, jeg sier dere: Elia er allerede kommet, og de gjorde med ham som de ville, slik det står skrevet om ham.» Mark 9,2-13
Kva som skjer?? Rart er det uansett. Og uventa.
Ja, dei er på fjelltur. Fire karar har klatra opp på eit høgt fjell. Det er Jesus som leier an, og så kjem Peter, Jakob og Johannes. Presisert er det òg at dei er åleine.
Så skjer det som gjer at dette blir ein fjelltur utanom det vanlege: Jesus blir forandra! Kleda hans blir kvitare enn det som er mogeleg for folk å få til.
Så kjem det to karar til: Det er Elia og Moses. Kvar dei kom ifrå? Kjem dei ikkje nedantil, må dei ha kome ovantil. Kva dei talte om, desse tre karane, er ikkje sitert. Eg vil tru at det korkje var politikk eller kakeoppskrifter.
Og Peter: Han er vel mest som eit barn som får for lite oppmerksomheit. Så bra at me er her, seier Peter. Vesle gutungen som vil vera med og snake med dei som er store. Tre hytter vil han byggje. Som om det skulle vera råd med material, hammar og spikar der oppe på det høge fjellet?!
Så kjem skya, og dei to framandkarane frå himmelen fèr heim att. Gud sjølv talar gjennom skya. Han talar om Jesus, - at Jesus er Guds son som Gud elskar. Høyr han, seier Gud. Når så disiplane ser opp, ser dei ikkje andre enn Jesus.
Ordvekslinga som fylgjer på veg ned frå fjellet, sier sitt om kor framand tankegangen kring oppstandelse frå dei døde måtte vera for disiplane.
På mange vis er denne forteljinga merkeleg. Her er to karar som kjem frå dødsriket og snakkar med Jesus. Undrast på kva dei har å diskutere?
Jesus får kvite klede – kvitare enn det skulle vera mogeleg for nokon å bleike dei.
Gud talar sjølv frå himmelen og seier noko om at Jesus er elska og bør høyrast på.
Og Peter – stakkars Peter – han seier noko om at det er godt at han og dei to andre er der, slik at dei kan få hjulpe til med eitkvart.
Så bra at me er her, seier Peter. Han meiner det sikkert. Slik seier ikkje me – men me kan altids meine det likevel.
Me har så lett for det, me menneske: Me meiner at me er så viktige i Guds rike. Me er så viktige, så nødvendige med alt me har å gjera og bidra med.
Og det skal vera sant og visst. Kva hadde vel misjonen vore utan alle foreningsdamer som har strikka og selt lodd? Korleis hadde det sett ut kring kyrkjene om ikkje folk kom på dugnad for å ordne opp før kvar summar? Korleis hadde det sett ut på Bedehuset om ikkje nokon tok seg av reinhaldet der?
Alt dette er vel og bra. Dessutan veit nok spesielt de som er gamle og kanskje slit med einsemd at det er viktig å ha folk rundt seg. Folk som er på jobb i omsorgsyrke og folk som kjem på besøk. Det blir liksom ikkje det same å snakke med Gud heile tida, heller. Godt er det å kunne prate med folk òg.
Men når det er spørsmål om dei store sakene i Guds rike, kjem det seg ikkje an på kva det finst folk til. Heldigvis!!
I Guds rike er det ikkje spørsmål om kor flinke me er, kor idealistiske me er, kor mykje me gjer ut over det me har betalt for - . I Guds rike kjem det seg ikkje an på noko anna enn …
… nei, det kjem seg ikkje an på nokon anna enn Jesus.
Kva seier vel ikkje Jesus anna enn at det han gjer er nok. Så veit eg ikkje, eg – men eg vil meine det er slik at viss me òg skal ha kvite klede å kle oss opp med, så må han syrgja for at me blir oppkledd med kvitt. Det kan vera godt å få skjult eitkvart som treng å bli vaska i Jesu blod – var det ikkje slik han uttrykte det, han som skreiv Johannes åpenbaring?
Så blir Jesus den me treng å sjå på. Det skal visst vera nok, det. Jesus var tilstrekkjeleg for disiplane – og han skal vera tilstrekkjeleg for oss. Så får me overlata til han det me måtte stri med.