IMG_1558

Preike Lomundsjø bedehus 8. desember 2019:

Kva er me redde for?

Lat ikkje hjarta uroast, seier Jesus i det som er preiketeksta for 2. sundag i advent. I preika på Lomundsjø bedehus vart både klimaangst og samling om Han som går med oss og vil vel utfordring. Preika ligg ved.

Preike Lomundsjø bedehus 8. desember 2019:

Joh 14,1-4: La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg! I min Fars hus er det mange rom. Var det ikke slik, hadde jeg da sagt dere at jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere? Og når jeg har gått og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så dere skal være der jeg er. Og dit jeg går, vet dere veien.»

La ikke hjertet bli grepet av angst, seier Jesus. Eller Lat ikkje hjartet dykkar uroast. Det handlar om å vera redd og styrt av angsten. Det handlar om uro.

Ser me på oss sjølve og den tida som er vår, er det all grunn til å vera redde. Me får stadig høyre dette at naturen blir øydelagt og at isen smeltar og at temperaturen stig. Dyr og planter døyr ut og artsmangfoldet blir stadig mindre samanlikna med korleis det var.

Sjølvsagt håpar me at det er ein overdrivelse. Det kan då ikkje vera så ille?? Men det er nok det. Dei er mange nok, forskarar og vitenskapsdamer  og -menn som konkluderer med dårlege framtidsutsikter.

Me står faktisk midt oppe i det, me òg. Slik som resten av verda. Og kvar ligg feilen – om ikkje hjå folk, om ikkje hjå oss som lever på og ikkje minst lever av denne jorda me fekk å forvalte?

Det er faktisk slik at gamal vanetenking, maktposisjonar, økonomiske interesser, egoisme og grådigheit øydelegg balansen som ein gong fantest i Guds fantastiske skaparverk. Ja, me har all grunn til å lata hjartet bli gripe av angst, lata hjartet uroast.

De kjenner gjerne til Jostein Gaarder, de veit han forfattaren som vart mangemillionær på at boka Sofies verden slo igjennom på 90-talet. Han har også skrive boka Julemysteriet.

Der handlar det om ein liten engel som gløymer å seie Frykt ikke! når han viser seg for folk. Då blir sjølvsagt folk ekstra redde.

Heldigvis gløymer aldri Jesus å seie desse to små og viktige orda: Frykt ikke! Eller fred vere med dykk. Eller ver ikkje bekymra. Eller lat ikkje hjarta uroast.

Det er viktig at me hugsar å minne kvarandre om dette, slik at ikkje angst og frykt aldeles tek styringa.

Nokon blant oss opplever forresten det òg. Det å vera kristen er på ingen måte garanti mot å bli ramma av fysisk eller psykisk sjukdom og lidelse. Sjukdom kan ramme oss alle, uansett korleis me har det elles eller kva me måtte eige av tru eller mangel på tru.  

Jesus lova ingen av oss noko fråvær av lidelse. Han lova oss ikkje eit evig fråvær av angst, heller. Men han lova å vera i lag med oss alle dagar så lenge verda står – uansett korleis me har det og uansett korleis me tar det.

Men det å vera redd, engsteleg og bekymra for klimaendringane som akselererer i fart, er neppe sjukt slik i utgangspunktet. Me kan berre ikkje prate bort eller medisinere bort ei reell og sunn frykt for dette.

Og løysinga er snublande nær: Gjer noko! Handle ansleis. Ver med på dugnaden for å bidra til å lindre såra me har påført jorda vår og hindre at oppvarminga går aldeles av skaftet.

Det er mykje som er  – kva skal me kalle det? Utfordrande? Vanskeleg? Vondt?

Utfordringane finn me like jamnt som det finst folk, - om det er nabolag eller verdenssamfunn. Eg trur at det me har å finne i Bibelen, er ein Guds draum for både oss og heile skaparverket. Ein Guds tanke som er mykje, mykje større enn alt vårt av utfordringar, vanskar og problem.

Jesus lovar det jo sjølv. Og så langt veit me at Jesu vilje til det gode for oss han kallar syskjen er både sterk og sann: I min fars hus er det mange rom – det kan også lesast rom for mange. Det vil seie at det er god plass til alle. Og Jesus seier til oss at han vil at me skal vera der han er.

Er det ikkje godt? Fint og velmeinande??

Korleis er så dette himmelske huset med mange rom og rom for mange? Me veit ikkje, me som har slør føre augene våre og bevisstheita vår så me ikkje ser det.

Men me kan ane det: At i Guds hus, der det er mange rom og rom for mange, der er det slutt på sorg og smerte, der er det slutt på klimaangst og der er det slutt på å sakne noko. Der skal løva og lammet beite side om side. Der skal Gud vera lyset i eigen person og alt som er av folk skal vera forsona med kvarandre, forsona med alt som er skapt og forsona med den treeinige Gud.

Lat ikkje hjarta uroast.

Jesus hadde angst. Han var så redd at han sveitta blod.

Me har ikkje fått løfte om noko lidelsesfråvær. Men me er lova eit nærvær – også i det som er vårt av angst og lidelse.

Uanstt korleis det måtte storme i oss og rundt oss, så finst det eit stille punkt. Me er invitert dit, alle og einkvar av oss – inn til stillheita, til bibelstudia, til bøna og meditasjonen.

Der er freden av ein annan verden. Der kan gode ting skje – gode ting som me finn der med søkjer Jesus og gjev rom til han i det som er vårt av hjarte og bevisstheit.

Mykje av tankegodset i det eg har sagt, har eg lånt av ei Elisabeth Breen, som er pensjonert prest. På slutten vil eg sitere henne direkte:

La ikke hjertet bli grepet av angst, men bli fylt av hellig uro! En hellig iver etter å være Guds medarbeider på jorda! I dag.

Uansett hvordan det stormer, så fins det et stille punkt. Jeg tror, hvis vi oftere søkte stillheten og den freden som er av en annen verden, så kan hende det skjedde mer ...uventet godt.


Kyrkja i Rindal og Surnadal er medlem av Trollheimsporten.