Kva kan ein nytta snøen til?
Mange har dei siste vekene sakna snøen, det kvite, mjuke støvliknande laget som brukar å legge seg over mark og eng på denne tida av året. I dag kom det litt! Kva kan det nyttast til?
Vi har kika litt gjennom Instagramkontoen til #trollheimsporten og arkivet vårt og funne nokre døme som vi kan tilrå.
Du kan kaste snøen! (Over - Foto: @ellinohe: Snøballkrig med Kristiane)
Du kan gå i den, vasse, med eller utan truger! (Foto: KF)
Du kan grave deg ned i tide! (Foto: OleT)
Du kan nytte det glidande sitteredskapet kalla spark eller sparkstøtting. (Foto: Sparkfesten - arkivfoto)
Du kan stå, gli, skøyte m.m. på ski! (Foto: Rindal IL - Edvin Romundstad - Strindheimstafetten 2016).
Du kan ake! (Foto: OleT)
Du kan gå på tur i naturen og fyre opp bål utan fare for skogbrann! Snøen brenn ikkje! (Foto: @beritrk: #blåtur #julegave #blåtime#2juledag #duvåsen)
Snøen kan flyttast om du ikkje vil ha den der den kjem!
- eller du kan berre sette deg rett ned og sjå på den (snøen). (Foto: @magne.l: Litt snø på årets første dag)
Håper 2017 gjev deg mange gode dagar, og stadig lengre dagar, med snø og sol, men også nye årstider, vår og haust!
Nyt naturen, stikk ut og ta fjelltrimtoppturar! Og hugs å dele bilda og opplevingane dine med oss på Trollheimsporten både på epost (redaktor@trollheimsporten.no) og på Instagram (#trollheimsporten)!