
Sokneprest Lene Gåsvatn har sendt oss søndagspreika si
Kva seier me vel når me skal trøyste
Rindal kirke 22.05.11. Preiketekst Jon.16,5-15.
No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: 'Kvar går du?' 6 For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg. 10 Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger.
11 Dommen
er at han som herskar over denne verda, er dømd.
12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.
15 Alt
det som Far min har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av det som
er mitt, og forkynna det for dykk.

Kva seier me vel når me skal trøyste? Me seier at ikkje bry deg om det. Hvis dette ikkje nytter, prøver me å avlede slik at den som treng trøyst kan tenkja på andre ting enn det som er dumt og leitt.
Og så veit me det alle og uansett: Utan kjærleik nyttar det ikkje å trøyste. Utan kjærleik blir trøystinga berre til eit hyklerisk skodespel.
Kva gjer så Jesus når han skal trøyste? Disiplane er lei seg for at Jesus er på veg bort og vekk. Men Jesus seier ikkje noko om at dei ikkje treng å bry seg om det. Han seier heller ikkje noko for å avlede. Nei, han talar med både forståelse og empati over sine sorgfulle disiplar - og med ein kjærleik som er større enn alt.
Kva seier så Jesus når han skal trøyste?
For det fyrste seier han at han ser, at han forstår, at han har greie på korleis dei føler det. Beint ut seier han at disiplane sine hjarte er fulle av sorg - eller direkte sagt: Sorgen har fylt hjarta dykkar.
Når så Jesus har sagt sitt om at han ser og forstår korleis venene har det, opptrer han som ein ansvarleg vaksen. Han har meir innsikt enn desse venene sine med sorgfylte hjarte. Jesus ser lengre, og han seier som sant er: Det er best at det blir som det blir.
Disiplane er venene til Jesus. Dei elskar Jesus og er redd for å miste han - ut av syne, ut av sinn, ut av hjarte. Dei er redde, og sorga har fylt hjartet.
Men likevel seier Jesus at det er best at det blir som det blir. For oss som ser framtida bakantil, kan me gjerne stille oss enige med Jesus. Jausåmann, er det ikkje bra at det vart som det vart?
Elles hadde Jesus berre vorte ein vanleg dødeleg blant vanelg dødelege. Men han er så langt derifrå: Han går til Far sin og han sender ein annan bestevenn som varar ut og bort - denne bestevennen som har Talsmannen til benevnels. Sterk er han som Gud. Og han er oss like nær som pusten i lungene.
Og denne bestevennen er like fullt vår i dag som han var disiplane sin den gongen. Ånden er vår engergi og vår kraft.
Kvifor skulle så me lata sorga fylle opp hjarta vårt, kvifor skulle me så fylle opp hjarta vårt med dette som Jesus og hans talsmann går i rette med: Synd og rettferd og dom.
Me treng ikkje å vera redd for å miste Jesus av syne, me som fekk hans Talsmann mellom oss - dette guddommelege vesen som fyller hjarta vårt på ein langt betre måte enn sorga kan gjera det.
Me treng ikkje vera redd for noko! Slik Jesus trøysta disiplane med å peike på det gode, slik trøyster han no oss. Han seier oss noko om at han har kontrollen, han har ansvaret, han tek seg av sanninga.
Så får det gå som det går med dei verdslege fenomena som stadig gjer seg gjeldande mellom oss. Jesus seier det beint ut:
Synda er at dei ikkje trur på meg. Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger. Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.
Det ligg til oss menneske å vera redd for ting me ikkje treng å vera redd for, samstundes som me ikkje er redd for det me skulle vore redde for.
Me kan gjerne spørje oss sjølve: Kva type redsle er det eg har i meg som ikkje kjem frå Gud?
Er det Gud som har lært meg å vera redd for vondskapen slik den måtte arte seg i folkesnakk, er det Gud som har lært meg å vera så redd for folk at eg ikkje torer å vera tydeleg på at eg er kristen og stolt av det atpå?
Og på den andre sida: Kva har eg meir å vera redd for enn miste det beste eg kunne få - då eg fekk livet og Ånden og framtida og nåden?
Så blir det også i dag å ta sitt valg og gjera sin omvendelse. Vil me tru på Gud og han som Gud har sendt til oss? Vil me ha hjelp frå han som er vår hjelpar. Vil me vende oss ifrå denne verdens fyrste som allereie er dømt og overvunnen. Vil me gjera som Esekiel talar om, at me tek imot det nye hjarta og den nye ånda inni oss?
Jakob skriv så tydeleg om konsekvensane av eit slikt valg - ein slik omvendelse:
Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Sjå der, slik er målet for livet vårt: At me legg av alt som er ureint og all slags vondskap. Det skulle vel neppe vera så stort tapet for oss.
Men når me får vekk ureinheita og vondskapen, skal det visst vera kapasitet til det andre som er så mykje betre både for oss sjølve og alle andre: Då kan me audmjuke ta imot det ordet som er planta i oss. Dette ordet som er planta i oss, skulle kunne ha kraft til å frelsa sjelane våre.
I bunn og grunn handlar det heile om nærvær. Om at Jesus er nær oss på sin gode måte - no og alltid.

.png)

