Kvar er dette?

Er du klar for ein liten "Kjent i Rindal"- konkurranse på fredagskvelden? Veit du kvar dette er og sender svar til redaktor@trollheimsporten.no innan midnatt i kveld, blir du med i trekkinga om ein Trollheimsportkopp.
Svaret får du i dag:

                                                                             Foto: Jostein Møkkelgård
 
Dette er Vintervoll, som ligg rett opp for riksvegen ved Tiåbrua attmed Nybø.
Bildet er teke frå ein litt annan vinkel enn du vanlegvis ser plassen frå.
 
Vi fekk inn 20 svar på konkurransen, og den heldige vinnaren av den eksklusive
Trollheimsportkoppen vart Ragnhild Stavne Bolme. Gratulerer!
 
Takk til Jostein Møkkelgård som sendte oss bildet!