
Kvartett og song i Todalen
Som barn las eg Vangsgutane, og det skal bli fint å besøke heimbygda deira med denne konserten! seier Fiskum (bilde til høgre)
Den kjende fiolinisten, dirigenten og komponisten er frå Harran. Etter studiar i Oslo, Stockholm, Wien og København var han tilsett i Oslo Filharmoniske Orkester. I 1977 starta han Det Norske Kammerorkester.
Han vart så konsertmeister for Trondheim Symfoniorkester og professor ved NTNU. Ved å stifte TrondheimSolistene (som han leia frå 1988 til 2001) la han grunnlaget for eit av landets (og Europas) mest suksessrike orkester.
Fiskum er kommandør av St. Olavs Orden og har m.a. fått fylkeskulturpris både for Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag (den siste saman med TrondheimSolistene).
Laurdag leier han framføringa av Joseph Haydns populære «Lerkekvartett» og Dmitri Schostakovich’s uttrykkfulle Kvartett nr. 3 og sørgjer for velklingande tonefølgje til unge Sigrid Vetleseter Bøe.
- Todalen sokneråd og Todalskoret arrangerer konserten, og vi gled oss stort til denne musikkstunda, seier Borghild Talgø i Todalskoret.
Sigrid Bøe (til høgre) syng barokk-arier av Pergolesi og Handel.