Kven er Lene?

I dag blir Lene Gåsvatn innsatt som sokneprest i Rindal, men kven er Lene? Dialekta røper at ho ikkje er født på desse kantar, men det har ingen av dei tidlegare sokneprestane våre vore heller!

Tørre fakta er at Lene vart fødd i Vang i Valdres for 46 år sida. Legg vi til at ho var prest i Hammerfest da Jon Gåsvatn henta ho heim som gardkjerring øvst oppi Rørdalen, har vi nok tørre fakta. Etter det har dei fått tre barn, og ho har hatt prestevikariat i Orkdal. Lene måtte søke fritak frå å bu i prestegarden, for det var eigentleg buplikt. Det fekk ho. Det er nok ikkje mange prestar som har gard frå før. No kan vi kanskje seie at prestegarden i Rindal ligg langt unna kirka, men Lene må passere både kapellet og ein stor del av menigheta kvar dag ho skal på kontoret. Ho veit om det arbeidet som er igang og går bra i menigheta, men kanskje ho har nye idear? No gler ho seg til å starte opp! Preika til innsettingsgudstenesta er ferdig, og den er god, seier ho! Du kan høre den i morgon.
Tekst: OleT
 
Foto: Einy Rendal Elgsæther