Lise_1024x1240

Kvinnekraftverk i Surnadal

Lise Mari Bjerknesli (bildet) og Anne Saltrø Polden inviterer på vegne av Arbeidsgruppa i Surnadal kvinnekraftverk  til temakveld på Vårsøg hotell. Det heile skjer tysdag 17. april kl. 20.00, og tema for kvelden er "Tilflytting og vertskap". På temamøtet vil ein mellom anna ta opp Surnadal kommune sitt tilflyttingsprosjekt og vertskapsrolla vi da får. "Å flytte tilbake til Surnadal. Kvifor, kvifor ikkje?" er eit anna spørsmål som blir tatt opp. Det er gratis å delta på temamøtet, og det blir lokka med spanande fingermat. Dessutan vil det bli salgsutstilling av unike, handlaga smykke av KÅ-design. Sjå heile plakaten her.