Tirsdag
Tirsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
IMGP1104

Kvinnekunstnarar

Første laurdag i Kulturvøkku 2019 opna det to kunstutstillingar i Rindal, begge med kvinnelege kunstnarar. Her ser vi gjestekunstnarane Hilde Karlsen (t.v.), som stiller ut på Rindal Skimuseum, med Inga Dalsegg og Elin Rødahl Thingnes som stiller ut på Dalalåven.

IMGP1117.JPG
På Dalalåven onsker Inga Dalsegg Elin Rødahl Thingnes velkommen.

Inga uttrykte stor glede over at ho hadde så mange kvinnelege kunstnarvenner, og at ho hadde fått Elin Rødahl Thingnes til denne utstillinga.

- Det er mange kvinnelege kunstnarar, men 94 % av kunsten som blir omsett er laga av mannlege kunstnarar, sa Inga Dalsegg. Derfor var ho glad for at dei kunne gje eit lite bidrag for å rette på denne statistikken med at det denne veka var tre kvinnelege kunstnarar som har utstilling i Rindal under Kulturvøkku 2019.

På Dalalåven er det utstilt 133 kunstverk, så det er temmeleg fullt på vegger, bord, hyller og kassar.

IMGP1102.JPG
Gjesteutstillaren på Dalalåven, Elin Rødahl Thingnes, kjem frå Kristiansund, men arbeider no i Trondheim der ho har ERT Keramikk i Atelier Ilsvika.

Ho er glad i naturen og likar å arbeide med leire og forme ting med hendene.

- Det er godt å ha naturen i hendene, seier ho om arbeidet med å forme leira.

IMGP1110-002.JPG
Mange av produkta du kan sjå på Dalalåven har henta motiv frå naturen. Du kan tydeleg sjå nervane i blada som dekorerer somme produkt.

- Eg kan vere vanskeleg å gå på tur med, for eg må gjerne ned på marka for å sjå nervane på undersida av blada, seier ho.

Mange motiv er også henta frå sjø og hav, noko som er naturleg for ei som er vakse opp i Kristiansund. Elles er det berre å bruke fantasien når du ser på kunstprodukta. Inga tolking er feil!

IMGP1113.JPG
Denne vasen, - er den eit jur, undrar Britt Sveen Bolme og Stine Sveen?

IMGP1128[1].JPG
Denne vasen er laga av "pølser" rulla over hekladuken til bestemor.

IMGP1129.JPG
Dette må vere kornbønder som syng ut!

IMGP1130.JPG
Vi avsluttar med eit par dameduettar!

Les om utstillinga til Rindal Kunstlag på Rindal Skimuseeum her!

Begge kunstutstillingane er opne frå kl. 11.00 til 17.00 kvar dag heile Kulturvøkku 2019, bortsett frå laurdag 6. juli, da dei stenger kl.16.00.

IMGP1126-001
2019-06-29 13
2019-06-29 13
IMGP1108-001
IMGP1109
IMGP1110-001
IMGP1125