Picasa

Kvinneprofilar på museet

Museet i Bøfjorden er i gang med sommarens faste søndagsprogram. Etter pangstart med fullt hus i Bøfjord-helga fokuserer ein på lokale kvinneprofilar komande søndag. Her ser vi ..... ja kven er det tru? Det spør Bernt Bøe i Bøfjorden historielag.

Biletkåseriet «Kvinner selv stod op og strede» viser kvardagskvinner med respektabel innsats i heim, kultur og yrkesliv opp gjennomn tida – både før og etter 1913. Det er nemleg jubileet for allmenn stemmerett (1913-2013) som blir markert med dette programmet.

Likevel handlar det ikkje først og fremst om politikk og kvinnesak, men om bygdekvinner og dyktige utøvarar i ymse verv og yrke. Bøfjorden Historielag lovar varierte kvinneportrett med fakta og anekdoter som kan sette mangt eit mannfolk på plass!

Kvinneprofil: Kven var dette, tru?

Follestad Dorsothea.jpg