Pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal minnest.
KVINNER i politikken: Hadde det nokon betydning ?
Som kjent fekk kvinnene allmenn stemmerett i 1913, men det var først lenge etter 2.verdskrigen, på 1970-80-90-talet - at kvinner slapp til i kommunestyra utover landet. Slik var det også på Indre Nordmøre.
Denne teikninga frå 1899 fortel oss kanskje noko om korleis politisk engasjerte kvinner har blitt sett på i tidlegare tider ?
På møte i Indre Nordmøre senioruniversitet 13.november vil kvinnelege pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal samtale - med Eivind Hasle som innleiar og samtaleleiar - om korleis dei opplevde deltakinga si i politikken, kva slags reaksjonar dei møtte frå mennene, veljarane , partiet og familien, og kva slags saksområde dei kom til å engasjere seg i.
Betydde det noko for det politiske innhaldet, dei politiske prosessane og for vedtaka at kvinnene kom med ?
Korleis ser dei i ettertid på den politiske ”karrieren” sin ?
Elles er det ønskeleg med innspel og synspunkt frå salen, og som vanleg blir det kaffe, kake og prat etterpå.
Arrangementer er i Surnadal Kulturhus onsdag 13.november kl. 11.00.
Alle er velkomne !
EHA