"Kyrkja mi" til Oslo
Surnadal og Rindal Kykjelydar driver med trosopplærling i de nevnte kommuner, rettet mot barn i alderen seks til ti år. I den forbindelse får barna en DVD med tema "Kyrkja mi". Denne skal de nå til Oslo for å vise fram.
Presseskriv:
Me syner "Kyrkja mi" i Oslo
"Kyrkja mi" som trusopplæring blir lagt merke til. No skal folk frå Surnadal og Rindal kyrkjelydar til Oslo for å stille ut.
Målet er både å inspirere og bli inspirert i møte med andre kyrkjelydar i landet.
Dette skjer 21. november når rundt 450 tilsette og friviljuge i kyrkje og organisasjonar blir samla til trusopplæringskonferanse i Folkets Hus.
Trusopplæringa i Surnadal og Rindal retter seg mot born i alderen seks til ti år. Borna får ein DVD med tema "Kyrkja mi".
Dessutan blir dei invitert på kyrkjekveldar i sine kyrkjer og til å delta på ulike leirar på forsommaren.
Prosjektet kom i gang for fullt dette året.
Me vil stille ut med bilete både frå DVD, leirar og kyrkjekveldane.
Delegasjonen som fèr vil bestå av fem ungdommar som var leir-leiarar på
Gråhaugen sist sommar, i lag med tre frå staben og styringsgruppa for prosjektet.

.png)