kirkebåt1

Fin pinsetradisjon

Kyrkjebåtane

Denne pinsedagen rodde 3 kyrkjebåtar innover fjorden til Stangvikkyrkja, ein fin og gammal tradisjon. Det var båten til Oppistu Torvik, Hjelmkånnå og Hamnesbåten.

Frå Oppistu Torvik, ved Nina Torvik og Torbjørn Kvande, kom denne kyrkjebåten. Turen deira tok halvannan time innover. Sjøen vart litt grovare til heimturen, så den tok kanskje lengre tid.

Dette er ein fembøring som er godt over hundre år. Nils Chr. Torvik (over) fortel at dei tok opp att tradisjonen med å ro kyrkjebåten til kyrkja rundt 1985. Da hadde det vore pause frå 1912. Da vart kyrkjebåten lagra i eit tømmernaust som er datert til 1618.

På bildet ser vi dei yngste av mannskapet, eller kanskje dei var passasjerar: Katja Sofie (t.v) Pernille og Enya med dei fine teskjortene mannskapet hadde.

Hjelmkånnå hører til i Bøfjorden og er ein kjent kapproarbåt. Dei hadde starta frå Solem og hadde rodd lengst. Den har 14 roarar og er 10 meter lang.

Ombord i Hjelmkånnå hadde dei fått med seg Halsaordføraren, Ola Rognskog. Grunnen var at for 200 år sidan rodde tippoldefar hans med kyrkjebåt frå Halsa til Stangvikkyrkja den 11.mars for å ta del i valget på valgmenn som skulle velje utsendingar til Riksforsamlinga på Eidvoll.

Mannskapet i Hamnesbåten var stilige i kvite skjorter i godveret.

Tekst/foto: OleT  (Toppfoto: Mari Vattøy)