Kyrkjebladet 75 år
Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal gir saman med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre ut Kyrkjeblad for indre Nordmøre. Alle husstandane får denne veka første nummer av 75.årgang i postkassane. For deg som bur utanom distribusjonsområdet - eller ikkje finn att bladet - ligg dette (etter kvart) i lag med tidlegare utgåver nedlastbart på nettsida til kirka i Rindal og Surnadal!
I første nummeret i jubileumsåret har Bernt G. Bøe eit tilbakeblikk på historia til Kyrkjebladet. Han er også den som har lengst fartstid som redaktør, og dagens redaktør har eit intervju med han inne i bladet.
Slik såg framsida ut i 1941. Teiknaren er ER, er det nokon som veit kven det er?
Vi finn også bilde av ein fin flokk 5.-klassingar som fekk sin eigen Bibel i Øvre Rindal kapell 1. februar.
Kjenner du nokon som bur utanfor distribusjonsområdet, innanlands eller utanlands, så kan desse også få tilsendt bladet i posten. Send epost til kyrkjeblad@gmail.com.
Kontingenten er frivillig for alle, men bladet er avhengig av denne, sidan det er einaste inntekta utanom nokre takkoffer! (gironr.4050.40.46232)
For å finne sida der du kan laste ned Kyrkjeblad for indre Nordmøre, klikkar du her!
Vi minner om at du kan finne alt kyrkjestoff på Trollheimsporten i eiga mappe.
For Rindal finn du det slik: Om Rindal > Kulturliv > Kirka - Rindal sokn > Kirkenytt, eller klikk her!
For Surnadal finn du det slik: Om Rindal > Kultur og fritid > Kyrkja i Surnadal > Kyrkjenytt, eller klikk her!