Kyrkjebladet klart med nytt nummer
Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal har felles kyrkjeblad med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre. Alle husstandane har fått det i postkassane sine i desse dagane. For deg som bur utanom distribusjonsområdet - eller ikkje finn att bladet - ligg det nedlastbart på nettsida til kirka i Rindal og Surnadal!
Kjenner du nokon som bur utanfor distribusjonsområdet, så kan desse også få tilsendt bladet i posten. Kontingenten er frivillig for alle.(gironr.4050.40.46232) Send epost til kyrkjeblad@gmail.com.
I dette nummeret kan du lese om Lene Wilhelmsen (t.v.)som er kontorsekretær på kyrkjelydskontoret i Surnadal, om fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp og referat frå nokre av dei kyrkjelege arrangementa i distriktet. Elles er det mange som les midtsidene med lister over gudstenester, døypte, vigde og døde.
Last ned heile bladet frå heimesidene til kirka i Surnadal og Rindal!