Kyrkjeblad logo ny 2015

Kyrkjebladet med eitt nummer i år

Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal gir saman med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre ut Kyrkjeblad for indre Nordmøre. Økonomien har gjort at bladet ikkje har kome ut tidlegare i år, men i desse dagar er desembernummeret av Kyrkjeblad for indre Nordmøre i postkassane.

Dei som ikkje får det i posten, kan lese det på nett på nettsida til kyrkja i Rindal og Surnadal.

Dette desembernummeret vart det einaste nummeret i 2017, den 77. årgangen. Prost Leif Endre Grutle, som no har ansvaret for Kyrkjebladet  skriv i innlegget "Kvar har det blitt av Kyrkjebladet?" litt om situasjonen. Utfordringa går til sokneråda og lesarane om det er interesse og behov for eit Kyrkjeblad for indre Nordmøre.

I dette nummeret finn du sjølvsagt oversikt over gudstenester og andre arrangement i jula, men sidan utgjevinga kom nokså fort igang med korte fristar, så er den nokså ufullstendig.

Undersøkingar har vist at det mest populære stoffet i kyrkjeblad er "Kyrkjelege handlingar", namn på døypte, vigde og døde, men det vart det ikkje tid og plass til i dette nummeret, forståeleg nok.

Det er Bernt Gudrunson Bøe og Einy Elgsether som tok initiativ og ansvar for dette nummeret, så får vi sjå kva som skjer vidare med Kyrkjeblad for Indre Nordmøre. Den innlagte giroen er nok den som mest vil avgjere framtida til dette bladet.

 

For å finne sida der du kan laste ned Kyrkjeblad for indre Nordmøreklikkar du her!

Vi minner om at du kan finne kyrkjestoff på Trollheimsporten i eiga mappe.

For Rindal finn du det slik: Om Rindal > Kulturliv > Kirka - Rindal sokn > Kirkenytt,   eller klikk her!

For Surnadal finn du det slik: Om Rindal > Kultur og fritid > Kyrkja i Surnadal > Kyrkjenytt,   eller klikk her!